Hopp til innhold

Stryning skrytt opp i skyene etter konsert i Stuttgart

– Det vert vanskeleg å toppe dette som Årets hending innan jazzen. Det skriv den store avisa The Telegraph i England om konsertane som Helge Sunde frå Stryn leia førre veke.

Helge Sunde på konsert i Stuttgart

GODE KRITIKKAR: Helge Sunde frå Stryn får gode kritikar etter å ha dirigert konserten på 75-års jubileet til jazz-musikaren Eberhard Weber. Her er han avbilda under konserten saman med sine store heltar. Michael Di Pasqua(f.v), Helge Sunde, Jan Garbarek og Eberhard Weber.

Foto: Privat

– Eg må vedgå at eg sov ganske dårleg natta før eg skulle dei, men så viser det seg at dette er menneske av kjøt og blod, heilt vanlege folk, seier Helge Sunde.

Stryningen som både er musikar, komponist og arrangør, var invitert til dirigere 75-års jubileumskonserten for Stuttgart sin store musikalske son, Eberhard Weber, i heimbyen hans.

– Det var heilt fantastisk. Det er som å vasse til knes i jazz-historia til frukost, middag og på arbeid kvar dag. Eg veit ikkje kvar eg skal byrje.

For Sunde møtte og dirigerte eit stjernelag av musikarar innan jazz. Fylkesmusikkleiar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Øyvind Lyslo, seier det knapt kan bli større, og samanliknar hendinga med fotballovergangen til Martin Ødegaard.

Yngstemann på laget

– Eg likte Martin Ødegård-parallellen. Det beste med den var jo at eg fekk vere yngst, eg var faktisk yngstemann på laget. Det pleier ikkje å vere så vanleg når ein nærmar seg 50 år, seier Sunde.

– Er det noko fellesnemnar når det gjeld desse Jazzstjernene?

– No var jo den opplagde fellesnemnar her bass-kongen sjølv, Eberhard Weber. Eg skreiv faktisk ei historie til programmet der nede som blei trykt i programmet.

Avgjerande møte

Historia handla om Sunde sitt første møte med Jan Garbarek. Rikskonsertane hadde sendt Jan Garbarek-kvartett på turne i Sogn og Fjordane medan Sunde gjekk på Firda-gymnas. Klassen til Sunde hadde klasserom i aulaen, og då orkesteret kom måtte dei flytte, og kome tilbake til konserten seinare på kvelden

– Tre personar i den kvartetten var til stades no i Stuttgart, og eg klarte å snike med til eit bilete der eg var fjerdemann.

Den første konserten med Garbarek vart avgjerande for det seinare karrierevalet til Sunde.

– Eg kunne vel enda opp som 3. divisjonsspelar i fotball, men då tok eg valet.