Første omgang starta med grøn grasmatte, medan snøen lava ned i siste del av kampen. Trass snøveret, strynetrenar Dagmund Evebø fortel om ein tett og jamn kamp på stadion i Stryn.
– Vi forsvarte oss godt. Når Årdal har vore på besøk før, så har dei lege lågt og skåra på kontringar. I dag skapte vi ein del sjansar og vann fortent.
Vurderte å bytte ball
MÅTTE KOSTE: Det snøa så tett at det blei ein liten pause i kampen slik at linjene kunne kostast.
Foto: Birger Meland / NRKI andre omgang hadde det lagt seg så mykje snø at det blei ein liten pause i kampen medan linjene blei kosta. All snøen gjorde til at bana blei glatt og vanskeleg å spele på. Ei stund vurderte dei også å bytte ball.
– Vi hadde ein blå og kvit ball, men vurderte å bytte til ein raud vinterball. Men vi fann ut at det gjekk fint med den vi hadde, fortel trenaren.
Det første målet til Stryn blei skåra av Karl Erik Aarsheim i 1. omgang. Stillinga ved pause var 1–0.
Tett i toppen
Svenske Olle Kristoffersson skåra 2-0-målet om lag 15 minutt ut i andre omgang. like etter skåra Thomas Frichsen for Årdal og stillinga var 2–1. Til slutt var det Ibra Jagne som skåra for Stryn og 3–1 blei sluttresultatet.
Det er no tett i toppen på tabellen med fem lag som alle har ni poeng på fire kampar.
(Artikkelen held fram under biletet)
SKÅRA: Olle Kristoffersson spelte i dag sin fyrste kamp frå start etter langtidsskade. Svensken scora Stryn sitt andre mål i dagens kamp. På bildet er Kristoffersson i duell med Abdul Wahabu Abbas.
Foto: Stig Høynes- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Slik enda dei andre kampane i dag:
Førde overkøyrde Radøy/Manger i snøbygene på Førde stadion. Heimelaget vann 5–1 og tok tre viktige poeng.
Det blei målfest i Sogn då Vik fekk besøk av Førde-laget Saga. Heile 12 mål blei det skåra i 3. divisjonsoppgjeret. Stillinga til slutt var 7–5 til heimelaget Vik.
Tornado Måløy sikra seg også alle poenga då dei slo Voss 4-0. Også i Måløy snøa det i dag, slik at kampen blei flytta frå sentrum til Refvik stadion.
I går vann Florø 4–2 over Sotra på bortebane og sikra seg dermed tre poeng. Søndag spelar Fyllingsdalen 2 mot Eid.