Hopp til innhold

Strupesong på toppen av fjellet

FØRDE (NRK): Bello, bello! Nomadic Voices var nøgde etter konserten på Hafstadfjellet – der strupesong frå Mongolia og tenorsong frå Sardinia blei foreina.

Nomadic voices på Hafstadfjellet
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

For vakkert var det, og ikkje minst ei spesiell oppleving for dei om lag 200 som hadde teke turen til fjells, 706 meter over havet.

Konserten er ein del av Førdefestivalen som blir arrangert denne helga. Her fekk publikum møte to eldgamle tradisjonar.

Nomadic Voices er ei prosjektgruppe der fleirstemt tenorsong frå det barske fjellandskapet på Sardinia smeltar saman med overtonesong frå dei endelause steppene i Mongolia.

Musikarane var nøgde etter konserten.

– Alt var flott. Staden, vêret, publikum!

Overtonesong frå Mongolia - på toppen av Hafstadfjellet. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK

EIN SMAKEBIT: Slik høyrest strupesong frå Mongolia ut. Mobilvideo: Brit Jorunn Svanes, NRK