Hopp til innhold

Streikemarkering i nesten alle kommunane

Fleire hundre arbeidstakarar i ulike bransjar i Sogn og Fjordane vil delta i den politiske streiken frå klokka 14 til klokka 16 i ettermiddag.

Oddgeir Lunde

TRUR PÅ STOR OPPSLUTNING: Oddgeir Lunde i sjukepleiarforbundet trur på stor oppslutning rundt streiken, og seier det blir markering i nesten alle kommunar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Regjeringa ønskjer seg eit meir fleksibelt arbeidsliv, og vil mjuke opp arbeidsmiljølova med både søndagsjobbing, større høve til mellombelse tilsettingar og høve til lengre vakter for til dømes sjukepleiarar.

Fylkesleiar i Norsk sjukepleiarforbund, Oddgeir Lunde, er overtydd om at mange vil delta i dei ulike streikemarkeringane i fylket.

– Vi håpar og trur markeringa blir stor. Det vil bli markeringar og streik i nesten alle kommunar, seier Lunde.

Stort fellesarrangement

Streiken er eit fellesarrangement mellom hovudsamanslutningane LO, YS og UNIO og vil bli markert på ulikt vis i heile landet, ein streik arbeidsminister Robert Eriksson frå Frp har liten forståing for.

Lunde i sjukepleiarforbundet trur på stor oppslutning.

– Vi har i lang tid oppmoda medlemmar og tillitsvalde i alle hovudorganisasjonane til å vere med på denne politiske streiken, seier han.

Håpar på få konsekvensar for folk flest

Togtrafikken stansar i ein time, og streiken vil også råke flyplassar i heile landet.

Ved Førde lufthamn vil avgangen til Oslo klokka 13.48 ikkje gå, og det same gjeld flyet frå Oslo som skulle landa klokka 16.17. I Florø er ankomsten frå Oslo klokka 16.35 innstilt, medan Sogndal og Sandane ikkje er råka.

Lunde vedgår at folk vil merke streiken, men seier målet er at han skal råke folk flest i minst mogleg grad.

– Folk vil nok merke han på nokre område, men i utgangspunktet er målet og meininga ikkje å råke tredjepart i det heile teke. Vi håpar færrast mogleg merkar det på tinga dei skal gjere, seier han og legg til:

– Vi håpar samstundes at sjølve markeringa av den politiske bodskapen om å forsvare arbeidsmiljølova blir stor.