Hopp til innhold

Fare for storstreik i offentleg sektor - måndag kan tilsette på rådhuset stå streikevakt

Offentleg sektor kan bli råka av storstreik frå måndag. Til saman 11.000 arbeidstakarar kan legge ned arbeidet. I Sogn og Fjordane vil ein streik i første omgang råke Førde kommune.

Førde rådhus

LEGG NED ARBEIDET? 23 tilsette i Førde kommune kan vere i streik frå måndag.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Vi har fått melding om at 23 medlemmer som er tilsette i Førde kommune vil bli tekne ut i første pulje ved streik, opplyser rådmann Ole John Østenstad til nrk.no.

Denne veka er fleire store lønsoppgjer mellom arbeidstakarorganisasjonane og stat og kommune på oppløpssida. Kjem det til brot, kan til saman 11.000 tilsette i offentleg sektor vere i streik over helga.

Råkar administrasjonen

Dersom lønsforhandlingane med kommunane sin arbeidsgjevarorganisasjon KS ikkje fører frå, blir 800 kommunalt tilsette YS-medlemmer over heile landet tekne ut i streik frå måndag.

I Sogn og Fjordane er Førde einaste kommune som blir råka frå første streikedag, då den største YS-organisasjonen Delta tek ut medlemmer.

Ole John Østenstad

HÅPAR I DET LENGSTE: Førde-rådmann Ole John Østenstad håpar partane kjem til semje i lønsoppgjeret.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

– Det råkar administrative funksjonar. Publikum vil merke lite til dette. Drifta sett frå utsida vil gå ganske uforandra, men det er viktige funksjonar som vi som jobbar i kommunen vil merke internt, seier Østenstad som i det lengste håpar å unngå streik.

Dei fleste på streikelista har sin arbeidsplass i rådhuset innan rekneskap, personal og andre merkantile funksjonar. I tillegg er det tilsette ved administrasjonen på enkelte av kommunen sine skular, og ein tilsett i kulturetaten.

Kan måtte vente på skattepengane

I løpet av veka blir det også klart kor vidt 1600 tilsette i Skatteetaten rundt om i landet blir tekne ut i streik. Bryt lønsoppgjeret mellom YS-stat og staten saman, kan det ramme utbetalingane av skatteoppgjeret i juni.

Også fengsel- og domstolar kan bli råka.

Lærarar, sjukepleiarar og politi

Også Norges nest største hovudorganisasjon, Unio, varslar mogleg streik frå måndag. Organisasjonen omfattar Utdanningsforbundet, Norsk Sykepleierforbund og Politiets Fellesforbund

I første omgang vil ingen medlemmer i Sogn og Fjordane bli tekne ut i streik.

– Det betyr at vi ikkje har folk som blir tekne ut i streik frå måndag av, men vi er i beredskap, seier fylkesleiar Gunn Marit Haugsbø i Utdanningsforbundet.

Ho håpar ein unngår streik, og at partane nyttar dei siste dagane til å komme fram til ei løysing.

Gunn Marit Haugsbø

ER I BEREDSKAP: Fylkesleiar Gunn Marit Haugsbø i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane seier dei er klare til ei eventuell streike-opptrapping.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Men det er løysinga som er viktig for om det blir ei konflikt og medlemmar må takast ut i streik.

Lærarane si arbeidstid

Løysinga må, ifølgje Haugsbø gjere det meir attraktivt å jobbe i kommunane.

– Det er behov for å rekruttere sjukepleiarar, fysioterapeutar, førskulelærarar og lærarar til viktige funksjonar i kommunane. Det er eit høgt etterslep i høve til dei som har høgare utdanning i kommunal sektor.

For lærarane er den største konfliktsaka i år likevel ikkje lønn, men fritid. Forslaget om å korte ned på lærarane sin lange sommarferie, som i dag er meint som kompensasjon for overtid elles i året, har sett sinna i kok ute i skuleverket.

– Arbeidstida er viktig, og det har vore mykje styr. Det er viktig for at lærarane skal kunne gjere ein god jobb i skulen, seier Haugsbø.

Ho er klar på at ein eventuell Unio-streik med etterfølgjande opptrapping rundt om i landet vil merkast.

– Det betyr at det vil mangle sjukepleiarar på jobb. Det vil mangle førskulelærarar, lærarar. Det vil gå utover dei tenestene som desse fagpersonane skal yte, seier fylkesleiaren i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane.