Tor Arne Ness og Gunnar Solbakken - Tor Arne Ness (t.v) tok over som styreformann etter Gunnar Solbakken. - Foto: sogndalfotball.no /

Tor Arne Ness (t.v) tok over som styreformann etter Gunnar Solbakken.

Foto: sogndalfotball.no

Stramma inn - tapte 1,1 millionar

Sogndal Fotball brukte nesten seks millonar kroner mindre i opprykkssesongen 2010 enn i nestensesongen 2009. I år budsjetterer dei med overskot for første gong på mange år.

- Det viktigaste er at me klarte å halda det ambisiøse budsjettet me la opp til før sesongen, der me gjekk frå minus sju millionar i 2009 til eit budsjett på minus 1,2 i 2010. Det har me klart å halda, så me enda på rundt ein million i driftsmessig minus i 2010, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Blaaflat Mundal.

Massive underskot

I åra etter bygginga av Fosshaugane Campus har Sogndal Fotball gått med til dels store underskot. Botnen vart nådd i 2007, med 11 millionar kroner i minus.

2008 gav 8,9 millionar i minus , og 2009 vart heller ikkje noko gullår med 6,9 mill i minus.

Så, før 2010-sesongen, fekk klubben kniven på strupen av bankforbindelsane sine og fotballforbundet si lisensnemnd. Budsjettet vart redusert kraftig før sesongen som skulle enda med eit noko overraskande opprykk til eliteserien.

- Den største variabelen ligg på løn. Laget vart kraftig forynga inn mot sesongen, men trass i store utskiftingar hadde klubben tru på at dette kunne gå bra, seier Mundal.

- Men at det skulle gå så bra var kanskje ikkje realistisk, så me har nok hatt ein dose flaks og, seier Mundal.

Nærmar seg nulldrift

2010-rekneskapen som vart lagt fram under Sogndal Fotball sitt årsmøte onsdag viste driftskostnader på 25,9 millionar kroner, og eit endeleg underskot på 1.098.518 kroner.

- Dette er ein kombinasjon av litt auka inntekter, men i vesentleg grad kutta kostnader. Då den sportslege staben i tillegg klarte å prestere så godt som dei gjorde, var dette eit godt år for Sogndal Fotball.

- På kva område hadde de flaks?

- Flaksen ligg i at me har hatt litt meir stang inn enn stang ut, i tillegg til at me var gode og heldige med tanke på skadesituasjonen.

Under årsmøtet gjekk styreformann Gunnar Solbakken av og vart erstatta av Tor Arne Ness. Ness overtek ein klubb som framleis må snu på kvar krone.

Treng kontantar

Sogndal Fotball hadde ved utgangen av 2010 ein eigenkapital på 27,5 millionar kroner, hovudsakleg knytt til klubben sitt eigarskap i Sogndal Fotball AS, som igjen eig Fosshaugane Campus.

Det gir klubben store materielle verdiar, men lite flytande kapital. Det sistnemnte er viktig for å halde på profflisensen, som gir klubben rett til å spele i dei to øvste divisjonane.

Dermed må sparinga halde fram, sjølv om spel i eliteserien kontra 1. divisjon kan auka inntektene til klubben med så mykje som fem millionar kroner.

Må halde fram sparinga

Dermed må Sogndal Fotball bruke dei pengane på å kvitte seg med gamal gjeld og byggje meir solid eigenkapital.

- Det er ikkje godt nok å gå i null heller. Me må jo tene litt pengar også, og i eit eliteserie-år skulle det nesten berre mangle. I 2011 legg me opp til eit lite overskot, seier Mundal.

- Kor stort er eit lite overskot?

- Me har budsjettert nøkternt med eit overskot på ein halv million.

Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.
I dag blei den siste biten av det ferjefrie vegsambandet frå Bremangerlandet til Svelgen opna. Og frå i dag er turen inn til kommunesenteret 4 mil kortare enn før og skjer tvers gjennom den vesle bygda Bortnen.
Bli med i radiostudio og lær korleis ein stryk kvite fine bunadsskjorter til 17. mai