Brannvesenet får kritikk frå Bergen etter at dei avventa å ta imot tilbod om hjelp medan storbrannen utarta seg.
Fleire brannsjefar og 110-sentralen i Sogn og Fjordane tek no brannvesenet i Lærdal i forsvar. 40 bygningar, av desse 17 bustadhus, gjekk tapt i brannen.
– Det er vanskeleg å gå breiare ut tidlegare. Tidleg i startfasen er det kanskje vanskeleg å bedømme kor stor ein brann kan bli, seier brannsjef Bernhard Øberg i Førde.
– Vanskeleg å kritisere
Brannsjefen i eitt av dei største brannvesena i fylket veit ikkje sjølv kva han hadde gjort om han stod midt oppi storbrannen i Lærdal.
- LES OGSÅ: Brannmannskap og frivillige får ros
– Det er vanskeleg å kritisere i ettertid at ein kanskje skulle gått breiare ut, med å rekvirere meir mannskap og materiell heilt i startfasen, seier Øberg.
Brannsjefen i Bergen er derimot kritisk til at deira første tilbod klokka 2315 om å sende mannskap vart avslått. Som i politiet er det brannvesenet sin innsatsleiar på åstaden som vurderer behovet for hjelp.
- LES OGSÅ: Her starta brannen
– Dei takka for tilbodet, men sa at dei førebels ikkje hadde behov for hjelp, seier brannsjef Johnny Breivik.
– Viktig å ta lærdom
Først halvanna time seinare, då brannen hadde herja i to timar og 20 minutt, vart bergen bedne om å sende folk og bilar.
– Vi ber ikkje om hjelp før vi meiner det er naudsynt. Då er det som regel for seint. Eg tenkjer det no er viktig å ta lærdom av brannen i Lærdal, seier Breivik. Brannsjef i Flora, Magne Igland trur ikkje brannbefal vegrar seg for å be om hjelp.
– Når ein står med begge beina i det, og ting skjer som i Lærdal, så er det berre å få gjort noko med det. Å få slått det ned så raskt som mogleg, seier han.
Vil ikkje kritisere
Heller ikkje Terje Brandsøy leiar Alarmsentralen i Sogn og Fjordane vil kritisere vurderingane som vart gjort av befalet i Lærdal.
- LES OGSÅ: Redningsarbeidets ukjende helt
Han var også med i arbeidet med å skaffe mannskapa innsatsleiaren ba om.
– Etterkvart som vi såg utviklinga, så var vi med å styre og sende inn. Det var aldri noko problem med å få på plass innsatsstyrkar i det tilfellet, seier han.