Hopp til innhold

Stort underskot for Moods of Norway

Moods of Norway hadde i fjor eit underskot på 13,5 millionar kroner. Altfor tøff satsing i USA har medverka til at verksemda frå Stryn for første gong går i minus.

Moods of Norway-butikken i LA

UNDERSKOT: Moods of Norway har vanlegvis gått med solide overskot, men i fjor vart det raude tal for bedrifta frå Stryn.

Foto: Cathrine Elnan

Moods of Norway har vore suksessverksemda nesten framfor nokon andre, med akselererande salsauke og store overskot. Det samla årsresultatet for 2011, 2012 og 2013 var på over 110 millionar kroner for verksemda som lagar og sel særprega moteklede.

Men så kom nedturen. Årsresultatet som vert lagt fram i dag viser eit underskot på 13,5 millionar kroner.

Gjekk på smell i USA

– Den viktigaste grunnen til underskotet i fjor var at vi gjekk på ein smell på 16 millionar i USA, seier dagleg leiar Jan Egil Flo.

– Kva gjekk feil i USA?

– Vi var litt for godtruande i høve korleis vil skulle vinne marknaden der borte. Når husleiga på Manhattan var på nærare sju millionar kroner i året, går pengane fort ut dersom ikkje omsetninga går opp, seier han.

– Var satsinga i USA hovudlaus?

– Nei, eg vil ikkje seie det. Vi gjorde eit reelt forsøk på å etablerte oss i USA og hadde planar om å opne mellom 10 og 15 butikkar der. Men slik gjekk det ikkje. Det er i alle fall ingen som må skulde oss for at vi ikkje har satsa. Det har vi stort sett alltid gjort, seier Flo.

Moods of Norway har 180 årsverk fordelt på 400 tilsette. Bedrifta har 30 tilsette i Stryn der hovudkontoret ligg.

Moods of Norway sier opp ansatte

Stryningen Simen Staalnacke (t.h.) under visning av Mods of Norway-klede.

Foto: AUDUN BRAASTAD

Sa opp tilsette og la ned butikkar

For å snu den negative trenden måtte 25 tilsette seiast opp og to butikkar på andre sida av Atlanteren leggjast ned. Flo har no stor tru på framtida.

– Ja, no ser det bra ut og vi ligg an til å gå med overskot i år, seier han.

Totalt finst det 17 Moods-butikkar. 15 butikkar av desse er i Norge, ein i Los Angeles USA og ein i Sverige.

– Planen er å etablere fleire nye butikkar i Norge og Sverige i tida som kjem.

Trass i eit tøft år i fjor, har selskapet solid økonomi. Eigenkapitalen er på om lag 100 millionar og bedrifta er gjeldfri.

På tre år tjente Moods of Norway 110 millionar kroner. No viser reknskapen raude tal.