Hopp til innhold

Bonden såg gigantraset ta uthusa og fleire sauer

Det har gått eit stort jord og steinras i Jostedalen i Luster. Ingen personar har kome til skade, men to til tre uthus er totalskadde og fleire sauer har blitt tekne.

Ras i Jostedalen

RAS: Raset gjekk i Krundalen i Jostedalen rundt klokka ti i dag.

Foto: NRK-tipsar / NRK

Bonde Ove Baggetun har eit par hundre sauer i området. Han sat i stova og såg ut vindauget då raset gjekk.

– Det byrja å løsne stein frå toppen, så raste heile fjellsida. Då rømde sauene i alle retningar, seier han.

Når NRK snakkar med bonden har han akkurat oppdaga fleire sauer som treng hjelp i nedkanten av raset.

– Det er to-tre sauer som står fast i jorda, så eg får sjå om eg greier å få dei opp, seier Baggetun.

Han fortel at raset er om lag 150 breitt og starta 600 - 700 meter oppe i fjellsida. Raset har gått i Krundalen, ein liten sidedal til Jostedalen der det bur 70-80 personar.

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, seier dei no må sjå om det dei må gjere tiltak i elva i dalen.

– Krundøla er fylt med jordmassar og stein, så må me må ta ei vurdering saman med NVE på kva som må gjerast i elveløpet, seier han.

Raset gjekk ein kort time før NVE oppjusterte jord- og flaumskredefaren i Sogn og Fjordane frå grønt til gult nivå, det nest lågaste på skalaen.

Ras i Jostedalen