Hopp til innhold

Krimteknikarar undersøkte huset til Veronica på nytt

Søndag sperra politiet av eit stort område rundt huset til den omkomne Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Kripos gjer undersøkingar ved huset til Veronica

KRIPOS: Her jobbar kriminalteknikarar frå Kripos i terrenget ved huset til Veronica Heggheim Stegegjerdet i Årøy. Foto: Christian Blom (video) og Halvor Farsund Storvik (stillbilete). Redigering: Christian Blom.

Det var krimteknikarar ved huset og minst tre politibilar utanfor. Politipatruljar passa på at ingen sleppte inn til Årøy i Sogndal. Det var også hundar som jobba i terrenget. Fleire turgåarar i det populære turområdet vart stogga ved sperringane.

– Vi hjelper framleis til både taktisk og teknisk. Teknikarane som først reiste til Bergen jobbar no vidare i Sogndal, seier Ida Dahl Nilssen i Kripos.

Ikkje langt frå området vart Veronica Heggheim Stegegjerdet funne død fredag ettermiddag. Søndag føremiddag stadfesta politiet at det var Veronica, ei svært tung melding for familien som er i djup sorg.

Fungerande regionlensmann Asle Karoliussen seier det er ting i området som gjorde at dei sperra av området.

– Vi har gjort undersøkingar i området tidlegare. No er det forhold i dag som gjer at vi skal jobbe i området. Med tanke på å få jobbe i ro og få jobbe utan innsyn er det viktig for oss, seier Karoliussen.

SISTE: Kripos og kriminalteknikarane forlèt området rundt klokka 15.30 og området er ikkje lenger sperra av.

(Artikkelen held fram under videoen)

Søker med hund i nærområdet ved huset til Veronica Heggheim Stegegjerdet.

HUND: Politiet søkte også langs vasskanten like ved riksvegen i Årøy nokre hundre meter frå huset til Veronica.

Kripos undersøker huset og terrenget

Lensmannen stadfestar at det er kriminalteknikarar både frå Sogn og Fjordane politidistrikt og Kripos ved huset. Han seier dei gjer omfattande undersøkingar i området.

– Vi har krimteknikarar på plass no. Dei gjer ein del undersøkingar i området. Det er undersøkingar i bustaden, terrenget, elva og fjorden.

Lensmannen vil ikkje gå inn på kva dei ser etter.

– Eg kan ikkje gå i detalj på kva dei ser etter. Dei ønsker å kartlegge forhold så kan gje informasjon og kunnskap om kva som har skjedd, seier Karoliussen

(Artikkelen held fram under biletet)

Årøy

SPERRA AV: Eit stort område rundt Årøy vart sperra av. I dette området ligg huset der Veronica Heggheim Stegegjerdet budde.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Ikkje endra status i saka

Karoliussen avviser at det er noko frå obduksjonen som gjer at dei no sperrar av området og gjer nye undersøkingar.

– Nei, det knyter seg ikkje til obduksjonen. Obduksjonsrapporten er ikkje klar. Det er eit ønske få avklart forhold på staden.

– Kva forhold?

– Forhold av ulik betydning. Eg kan ikkje gå inn i detaljar knytte til opplysningar i saka.

– Mistenkjer de at noko kriminelt har skjedd med Veronica Heggheim Stegegjerdet?

– Status i saka er uendra. Vi jobbar framleis breitt med å avdekke forhold som kan belyse saka best mogleg. Der vil vi vere til det eventuelt oppstår opplysningar som gjer at vi endrar kurs. Men vi er ikkje der no, seier Karoliussen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Årøy

STOPP: Turgåarar vart stogga ved sperrebandet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vanskeleg sak

Årøy

INNE: Kriminalteknikarar søkte også inne i huset til Veronica Heggheim Stegegjerdet.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Men de er på staden med krimteknikarar: det hadde de ikkje vore dersom de ikkje hadde mistanke om at noko kriminelt hadde skjedd?

– Eg kan ikkje gå inn i detaljar på informasjonen i saka. Det er ei sak som er vanskeleg å handtere og som er utfordrande. Vi prøver å gjere ein så god jobb som mogleg.

Det som gjer det ekstra vanskeleg er den lange perioden frå Veronica Heggheim Stegegjerdet sist vart sett laurdag 25. oktober til ho vart meld sakna tysdag 28. oktober.

– Eit av momenta er at den siste kjente staden vi har observert ho er laurdag føremiddag. Ho vart meld sakna tysdag føremiddag då ho skulle vere på eit møte. Ein slik lang periode er ei utfordring for oss, seier Karoliussen.

Årøy

MINST TRE POLITIBILAR: Sperra av området.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken Tidslinje for brødtekst» i nytt vindu