Hopp til innhold

Stort jord- og leirskred på Bakka

I morgontimane laurdag har det gått eitt stort jord- og leirskred på garden til Olav Magne Dyrdal på Bakka i Aurland.

I morgontimane laurdag har det gått ei stort jord- og leirskred på garden til Olav Magne Dyrdal på Bakka i Aurland.

– Raset er nok ein stad mellom 50 og 70 meter breitt, og det har tatt med store mengder med jord, stein og tre. Kor mange kubikk det er snakk om torer eg ikkje seie, men det er snakk om ganske store massar, seier Dyrdal.

Raset har gått kring 100 meter frå husa på garden, på ein stad der det ikkje tidlegare har gått ras. Med tanke på at det er venta meir nedbør til natta enn det som alt har kome, gir det grunn til uro.

– Ein tenker litt over det. Det er mykje lausmassar opp i området som kan rasa ned.

– Er det slik at du no er redd for å bu heime?

– Nei, eg kjem nok til bli buande i natt og, men eg har det i bakhovudet. Det har eg, seier Dyrdal.

Fleire skred

Fleire vegar er og har vore stengde laurdag på grunn av jordskred . Blant anna er vegen til Bakka, fylkesveg 241 og vegen til Skjerdal, fylkesveg 242 stengde på grunn av ras. Først måndag blir det gjort nye vurderingar, opplyser Statens vegvesen.

I kommunen er dei no i beredskap.

Noralv Distad

I BEREDSKAP: Noralv Distad (H) er ordførar i Aurland.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi har god beredskap og følgjer situasjonen nøye seier ordførar i Aurland, Noralv Distad.

Aurland har ein krevjande natur når det kjem så store vassmengder som det er no er venta, noko kommunen opplevde til fulle under oktoberflaumen i 2014. Der har kommunen nyleg vedteke å bruke 50 millionar kroner neste år til utbetring av skadane .

– Vi har hatt den flaumen, og fleire andre hendingar som gjer at vi er svært observante. Vi veit jo at i løpet av eit år så vil vi få vanskelege vêrtilhøve nokre gonger, og då er det viktig at vi har høg beredskap, seier Distad.