Hopp til innhold

Forfallet ved kystmuseum kostar 13 millionar

Tilstanden på Kystmuseet i Florø blir verre og verre. Forfallet kostar no 13 millionar kroner.

Kystmuseet i Florø

DÅRLEG FUNDAMENT: Det er store skader utvendig på kystmuseet i Florø.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det skriv Firdaposten. Fundamentet til bygningen har skader på betong og armering. Ein ny rapport viser at reperasjonane vil komme på over 13 millionar kroner.

Allereie for to år sidan åtvara konservator Berit Høyvik mot forfallet og sa at museet nærast rotnar på rot. Og under valkampen i 2011, losna ein planke innvendig då statsminister Jens Stoltenberg var på besøk. Den ramla ned og trefte pianisten som skulle underhalde.

Berit Høyvik seier det no hastar med å få gjort noko med museet.

– Problema blir meir og meir synlege og er i ferd med å svekke begge bygningane, seier ho til avisa.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane ber Flora kommune om å komme med 5,4 millionar kroner i eit spleiselag for reparasjon av museet.

Leiar for hovudutvalet for kultur og oppvekst, Odd Bovim frå Venstre, meiner dette ikkje er ei oppgåve for kommunen.

– I så fall må også dei tilliggjande kommunane vere med å betale. Vi er vertskommunen, men museet har eit ansvar for alle kystkommunane.