Hopp til innhold

Størst i landet på fangst av raudlista brisling

Sogn og Fjordane er det fylket i landet der det vert fiska mest brisling, ein art som no er attende på raudlista.

Brisling

STØRST I LANDET: I fjor stod Sogn og Fjordane for 67 prosent av den totale fangsten på fjord- og kystbrisling. Her frå Sognefjorden, ein av få fjordar som har opplevd ein oppgang dei siste par åra.

Foto: NRK

Seniorforsker Kjell Nedreaas ved Havforskningsinstituttet på generalforsamlingen i Fiskebåtredernes Forbund i Ålesund 30. og 31. januar 2008.Foto: Thv jr.

NEGATIV TREND: Forskar Kjell Nedreaas likar dårleg trenden og etterlyser ei meir aktiv forvalting av brislingen.

Foto: Thv jr.

Brislingbestanden har vore på vikande front i fleire tiår, men i Sogn og Fjordane har likevel fangsten auka dei siste tre åra. Forskar Kjell Nedreaas ved Havforskingsinstituttet meiner tida er moden for å vurdere å innføre kvotar på fisket.

– I dag er det slik at så lenge fisken held minstemålet og feittprosenten, så kan ein fiske så mykje ein vil, det er ikkje kvotebelagt. Det er ikkje heilt bra, det er dei færraste kommersielle artane vi ikkje set avgrensingar på, seier han.

– Vitnar om utarming av ressursen

Brislingen går i hovudsak til konsum og i butikkhyllene går den her i landet under namnet ansjos. Mellom 1960 og 1980 låg den samla fangsten på mellom 8 000 og 18 000 tonn. I 2014 blei det landa vel 1700 tonn.

Nedreaas meiner trenden vitnar om ei utarming av ressursen og etterlyser ei meir aktiv forvalting.

– Vi har lite brisling i fjordane våre samanlikna med korleis det har vore. Dei siste ti åra har nedgangen vore på knappe tjue prosent og det gjer at den no kjem inn på raudlista. Vi må sjå nærare på denne ressursen og passe på at den ikkje verte enno lågare enn den er i dag, aller helst at vi greier å snu utviklinga, seier Nedreaas.

Framleis held nokre få båtar fram jakta på kyst-brislingen, år etter år, langt inne i vestlandsfjordane. Årets fiske har vore det beste på lenge.

EVENTYRLEG FISKE: Her kan du bli med på brislingfiske i Nordfjord slik det fortona seg i fjor.

Oppfordrar til å vise aktsemd

Sjølv om mykje tyder på at bestanden held seg i Sognefjorden, er ikkje datagrunnlaget godt nok til å konkludere sikkert.

Det heng saman med at Havforskingsinstituttet i 2008, av økonomiske årsaker, slutta med såkalla toktmålingar, som går ut på å undersøke dei viktigaste brislingfjordane med ekkolodd. I desember er planen å starte opp att kartlegginga i tre utvalde fjordar, noko som vil gje eit betre bilete av korleis det står til med bestanden.

Uansett meiner Nedreaas det er grunn til å vise aktsemd allereie no.

– Den rimeleg gode situasjonen i Sogn og Fjordane veg ikkje opp for situasjonen resten av fjordane, seier han.