Hopp til innhold

Vegvesenet: – Ikkje verre enn frykta

Statens vegvesen har kontrollert over 5000 køyretøy på to dagar. 84 kan vente seg eit oppgjer med politiet.

Vegvesen kontroll

MANGLA BELTE: 4 førarar fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte i Angedalsvegen i Førde fredag.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Då har vi mykje personell ute samtidig og vi fordelar oss på ulike kontrollplassar. På den måten får vi dekka ein stor del av trafikken, seier Arild Bruflot i Statens vegvesen og ansvarleg for trafikkontrollen i Angedalsvegen i Førde.

35 bilar kravd avskilta

Både torsdag og fredag har vegvesenet hatt trafikkontrollar sju andre stadar samtidig i Førde og omland. Totalt er 5065 køyretøykontrollerte.

  • 29 personar fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte
  • 1 førar vart melde for manglande sikring av barn i bil
  • 2 førarar vart melde for manglande førarrett
  • Det vart skrive ut 17 gebyr for manglande dokument
  • 35 køyretøy var kravd avregistrert, av desse vart det inndratt registreringsskilt på 18 køyretøy

– Det var omtrent som forventa, seier Bruflot.

Han håpar og trur at bilbeltebruken kan bli betre. 29 personar fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte.

– Vi har først og fremst sjekka bilbeltebruken først, men vi tek også eit blikk på tekniske ting ved køyretøyet, seier Bruflot.

Vegvesen, kontroll

KONTROLL: Arild Bruflot var kontrollansvarleg under trafikkontrollen i Angedalsvegen fredag.

Manglar kostar

Vegvesen, kontroll

OVERSIKT: Vegvesenet brukar nettbrett når dei skriv gebyr.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ein mann står på post og melder inn aktuelle køyretøy til kontrollørane lenger nede i vegen.

Ved trafikkontrollen i Angedalsvegen, like ved Førdehuset, vart 379 køyretøy sjekka på få timar. Fire førarar fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte og vert dermed 1500 kroner fattigare.

– To har fått gebyr for å ikkje ha med førarkort og éin for å ikkje ha med seg vognkort. Vi har også drege inn kjennemerket på eitt køyretøy på grunn av manglande EU-kontroll. I tillegg hadde éin bil tekniske manglar, fortel Bruflot.

Han seier tala er stort sett som venta. Inni mellom har Statens vegvesen slike kontrollar som desse.

Kontroll Vegvesen

STOPP: Statens vegvesen vinkar i ferd med å vinke inn bilar.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK