Hopp til innhold

Storhogst kan gi fleire ras - forskar meiner ein må finne ut konsekvensane

Storhogst av gran i bratt terreng kan gi auka fare for ras, særlig ved ekstremvær som orkanen Dagmar.

Tømmer

ILLUSTRASJON: Uttak av tømmer i bratt terreng kan auke risikoen for ras ved ekstremvær.

Foto: Arne Trolldalen / NRK

Carlo Aall, forskingsleiar ved Vestlandsforsking, meiner ein bør forske meir på følgjene av skogshogst der det er risiko for skred.

– Kanskje det at skog bles ned og vi tek den ut, aukar risikoen for særskilt jordskred men kanskje også snøskred, seier han.

Reduserer risikoen

 Carlo Aall

LEIAR: Carlo Aall er forskingsleiar ved Vestlandsforsking.

Foto: Vestlandsforskning

Det blir stadig meir vanleg med flatehogst her på Vestlandet. Det inneber at alle tre blir kutta ned over eit stort område.

Men ei undersøking gjort av Norges geotekniske institutt viser at tre reduserer faren for skred, ved at røtene held fast på jorda og held vassinnhaldet lågt.

– Då må vi setje oss ned og finne ut om dette er ein auka risiko, kvar den i så fall er og korleis vi kan hindre at dette går gale, seier Aall.

– Ikkje fleire skred

Forskingsleiaren ynskjer å greie ut korleis ein kan få betre konsekvensanalyse i kommunar som har store felt med grantre som skal fellast i bratt terreng.

– Vi har hatt mange retningsliner for korleis vi skal handtere kjende risikoar som flaum, men vi har altså ikkje retningsliner for korleis det offentlege skal handtere at flatehogst i seg sjølv kan generere nye typar, seier han.

Skogsjef Mads Jensen i Sogn og Fjordane skogeigarlag trur derimot ikkje at flatehogst av grantre fører til fleire skred.

Vil gjerne forske

– Tvert imot vil det vere med å sikre å sikre skogen vekst og gjere den best mogleg i stand som vern mot ras, seier han og ynskjer velkommen ei ny forsking på effekten skog har mot ras og skred.

Samstundes trur Jensen den beste måten å sikre seg mot desse naturkreftene er å ta ut ein del tre slik at nye og friske kan komme på plass.

– Eg skulle tru at flatehogst er eit viktig tiltak for å sikre at vi har best mogleg skog også i framtida, avsluttar skogsjefen.