Hopp til innhold

Pengebruk på barnevernsbarn: -Kan tyde på at nokre barn ikkje får hjelpa dei treng

Medan Aurland brukar 100.000 kroner årleg per barn i barnevernet, brukar Naustdal og fire andre kommunar i fylket under 30.000 kroner per barn.

Barnevern

ULIK RESSURSBRUK: Det er store skilnader kommunane imellom kor mykje pengar som blir brukt i barnevernet.

Foto: Mariela Idivuoma/NRK

– Det er klart det er viktig å stille spørsmål om kvifor enkelte kommunar brukar mykje meir pengar per barn i barnevernet enn andre. Men det er ofte slik at små kommunar som Naustdal vil ha varierande kostnadstal, seier naustdalsrådmann Øyvind Bang-Olsen.

Statistisk sentralbyrå sine gjennomsnittstal for åra 2013, 2014 og 2015 viser at Naustdal, Hornindal, Solund, Askvoll, Hyllestad og Naustdal brukar under 30 000 kroner per barn i samband med organisering, administrasjon og tilrettelegging av barnevernet.

Har auka pengebruken i Naustdal

Tre kommunar frå indre Sogn toppar statistikken og brukar mest pengar per barnevernsbarn.

Det er ikkje til å underslå at Naustdal på eit tidlegare tidspunkt brukte lite på barnevern. No brukar vi vesentleg meir.

Øyvind Bang Olsen

Men gjennomsnittet kommunane brukar per barn i barnevernet i fylket er 47.000 kroner. Naustdal brukar 29.000. Viser ikkje dette at Naustdal nedprioriterer barnevernet?

– Desse tala gjeld berre på ein funksjonsart. Dersom ein hadde sett det i ein større samanheng, ville ein fått eit anna bilete. Men eg skal ikkje underslå at Naustdal på eit tidlegare tidspunkt brukte lite på barnevern. No brukar vi vesentleg meir, seier han.

Betyr det at de brukte altfor lite tidlegare?

– Nei, vi har endra oss i høve dei behov som er.

Øyvind Bang Olsen

HAR AUKA RESSURSBRUKEN: Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang Olsen, seier kommunen dei siste åra har auka satsinga på barnevernet vesentleg. Likevel brukar kommunen langt mindre per barn i barnevernet enn gjennomsnittet i fylket.

Foto: Bård Siem / NRK

Likar ikkje situasjonen

Styreleiar i Landsforeininga for barnevernsbarn, Ruzzel Solberg, likar ikkje situasjonen.

Ruzzel Abueg

LITE PENGAR: Ruzzel Solberg, leiar i Landsforeininga for barnevernsbarn, ser svært alvorleg på at enkelte kommunar brukar lite pengar på barnevernsbarna.

Foto: Birgitte W. Ingebretsen / NRK

– Det er veldig alvorleg at enkelte kommunar vel å bruke veldig lite på barnevernsbarna. Mange barn treng veldig mykje hjelp, og dette kan tyde på at mange ikkje får den hjelpa dei treng. Eg forventar at det blir rydda opp i dette, seier Solberg.

Dette kan tyde på at mange barn ikkje får den hjelpa dei treng.

Ruzzel Solberg

Sterke protestar mot barnevernet

Barnevernet i Naustdal i Sogn og Fjordane har vorte verdskjend etter at eit foreldrepar i november i fjor vart fråteke fem barn. Foreldra som er aktive pinsevener er mistenkte for oppdragarvald og saka er framleis under etterforsking.

Nyleg fekk dei babyen sin attende, men framleis bur fire av barna i fosterheim. Det var vore protestaksjonar mot norsk barnevern i ei rekkje land, der naustdalssaka har vore utgangspunktet.

Bang Olsen meiner det blir feil å sjå den konkrete barnevernssaka i lys av at Naustdal brukar langt mindre per barn til å organisere barnevernet enn gjennomsnittet.

– No har vi auka ressursane vesentleg til barnevernet, så eg vil ikkje seie at det er ein automatisk samanheng.

Barnevern i Naustdal

STOPPA: Hit, men ikkje lenger. NRK får ikkje snakke med leiaren for barnevernet i Naustdal.

Foto: Bård Siem / NRK

Får ikkje snakke med barnevernsleiaren

Bang Olsen sit på rådmannskontoret i andre etasje i rådhuset i Naustdal og lét ikkje NRK.no snakke med nokon i barnevernet. Den omstridde barnevernssaka gjer at tilsette ved avdelinga har vorte utsette for sjikane. Bang Olsen har difor vald å skjerme dei tilsette ved avdelinga.

– Vi ønskjer at dei tilsette i barnevernet skal kunne fokusere fullt ut på dei sakene dei jobbar med, seier han.

Aurland brukar mest per barn

Heilt i andre enden av skalaen ligg Aurland kommune som årleg brukar 100.000 kroner per barnevernsbarn. Lærdal kjem på andreplass med 81.000 og Vik på tredjeplass med 75.000 kroner per barnevernsbarn.

Noralv Distad på Høgre-møte

MÅ STILLE OPP: – Når det er behov for hjelp og støtte til barn og unge er det viktig at vi stiller opp på ein skikkeleg måte, seier Noralv Distad, ordførar i Aurland.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ordførar Noralv Distad har følgjande forklaring på at Aurland satsar så mykje på barnevernsbarna.

– Vi prioriterer førebyggjande arbeid. Men i dei tilfelle der det er behov for hjelp og støtte, stiller vi opp på ein god måte. Det er også viktig at fagfolka som jobbar i barnevernet har tilstrekkelege ressursar, seier Distad. Han lovar at barnevernsbarna vil ha høg prioritet også i framtida.

Utlegg per barnevernsbarn

Kommunar

2013

2014

2015

Snitt 3 siste år

Tal born i tiltak i snitt tre siste åra

Hornindal

20353

20000

21900

20751

12

Solund

18889

20768

28778

22811

10

Askvoll

25935

31405

28974

28771

35

Hyllestad

31857

27000

28368

29075

16

Naustdal

24946

28129

35312

29462

48

Selje

29850

32489

29326

30555

37

Flora

30741

36868

32092

33233

142

Høyanger

26607

42961

33698

34422

46

Gulen

29920

39518

40216

36551

49

Eid

29545

48648

40939

39710

80

Luster

34373

45877

40130*

40126

60*

Jølster

41889

42445

42167*

42167

30

Vågsøy

40264

48647

43794

44235

79

Gloppen

40443

45675

47048

44388

52

Sogndal

44710

46741

45725*

45725

55*

Stryn

45986

47896

49371

47751

52

Årdal

40632

51044

54778

48818

32

Førde

47006

58315

44560

49960

110

Bremanger

48107

56566

50000

51557

29

Leikanger

60103

49581

54842*

54842

18*

Gaular

53250

78310

57622

63060

32

Balestrand

57350

80562

68956*

68956

20*

Fjaler

68579

75561

78367

74169

50

Vik

84300

66417

73280

74665

19

Lærdal

82684

71579

89133

81132

29

Aurland

114467

100724

86174

100455

23

Snitt i fylket

47591

Tal for 2015 er førebelse tal.

* Tal for 2015 manglar, utheva tal er gjennomsnitt for 2013 og 2014.

Kjelde: SSB

Ekspander/minimer faktaboks