Hopp til innhold

Store protestar mot nedlegging av skule

På eit ope folkemøte måndag kveld vart det store protestar på forslaget om å legge ned Dalen skule i Naustdal.

Dalen skule avd. Midtredalen på Kalland i Naustedalen

NEDLEGGINGSTRUGA: Dalen skule i Naustdal.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Stemninga på møtet var alvorleg. Det er ei vanskeleg sak, både for administrasjonen, politikarane og innbyggjarane, seier rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen.

45 elevar ved Dalen skule står i fare for å miste skulen sin, når kommunestyret skal avgjere framtidas skulestruktur i februar. I kveld fekk foreldre og andre seie si meining.

– Dei som er frå Dalen reagerer på dette. Det er ikkje tvil om at det kom fram på møtet. Argumenta er at skulen gir eit godt undervisningstilbod, at reisetida blir lengre, at skulen er ein naturleg samlingsstad i bygda, og at nedlegging kan påverke busetnaden i området, seier rådmannen.

Skulenedlegging, utsetjing eller status quo

Kommunestyret har bede rådmannen og administrasjonen om å greie ut tre alternativ:

45 elevar ved Dalen skule mistar skulen sin og blir flytta til Naustdal barne- og ungdomsskule, kutta vert utsette til 2016, eller Vevring skule, Dalen skule og Naustdal barne- og ungdomsskule består og kutta vert fordelte på dei tre.

– Frå ein pedagogisk synsvinkel er det vanskeleg å behalde alle tre skulane. Me ser at ei samanslåing er det som gir eit heilskapleg best undervisningstilbod til flest elevar.

– Korleis veit de det: kva undersøkingar har de gjort?

– Det er måten vi kan sette saman undervisningstilbodet samla sett. Ved å slå saman skulane får vi fleire klassar som vert delte ved Naustdal barne- og ungdomsskule, og vi får jamnare gruppestorleikar på mellom 15 og 20 elevar, seier Bang-Olsen.

Skryt til Dalen skule

Rådmannen er klar på at forslaget om nedlegging ikkje er ein kritikk av skulen.

– Dalen skule er ein veldig bra skule, både pedagogisk og dei resultatmessig. Det er ikkje på grunn av negative resultat skulen er føreslege lagt ned.

– Kvifor legge ned akkurat den skulen då?

– Med den økonomiske skulen Naustdal kommune er i, må vi gjere tiltak, og dette er det vi føreslår som eit alternativ for å halde oppe eit jamt undervisningstilbod i Naustdal kommune.

Saka skal avgjerast i kommunestyret i februar.