I tillegg til problem langs vegane har eit stort ras også teke med seg eit hus i Balestrand i Sogn.
Her er to personar sakna og forholda er framleis så usikre at redningsmannskap ikkje har gått inn i området for å leite etter ekteparet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Fryktar store materielle skader
I Hordaland trugar vassmengdene med å øydelegge fleire campingplassar på Kvamskogen. Kvernavollen camping vart evakuert i går kveld, og i morgontimane tysdag er det fare for at heile campingplassen kan bli overfløyma.
- Dersom demninga gjer etter, vert det full overfløyming. Då snakkar vi om store materielle skader, seier Torkjell Kjosås ved Kvamskogen vaktsentral til NRK.no.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Over 30 stengde vegar i Sogn og Fjordane
I Sogn og Fjordane arbeider vegvesenet for fullt for å få oversikt over vegane. Over 30 vegstrekningar er stengde grunna ras, rasfare, flaum og uvêr.
Det er uklart kor tid vegane kan opne att, fortel prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen til NRK like før klokka 08.
- Vi har folk ute fleire stader for å vurderer situasjonen. Men det er heilt klart ein utfordrande dag for oss, med så mykje nedbør, seier Karlsen.
(Artikkelen held fram under biletet)
Stor fare for snøras
Snørasfaren i fylket er no på 4. Det betyr at det er fare for snøras i mange skråningar, sjølv om ein berre får ei lett tyngd oppå snøen. Enkelte stader kan ein få store snøras.
- Eg vil be folk om å køyre forsiktig. I tillegg til rasfare, må folk vere obs på mykje overflatevatn. Det kan og ligge ein del rusk i vegbana, i tillegg kan asfalten ha fått skader, åtvarar Karlsen.
- LES OGSÅ:
SLIK ER DET PÅ VEGANE I SOGN OG FJORDANE KLOKKA 14
- Riksveg 13 Vikafjellet – stengd grunna snøras
- Riksveg 15 Strynefjellet – stengd grunna fare for ras. Ny vurdering klokka 16.
- Fylkesveg 13 Dragsvik – Vetlefjorden ved Sandskreda bru – stengd grunna snøras
- Fylkesveg 13 Gaularfjell, ved Mel – stengd grunna snøras
- Fylkesveg 50 Hol- Aurland – kolonnekøyring
- Fylkesveg 53 Øvre Årdal – Holsbru – stengd grunna snøras
- Fylkesveg 53 Tyin-Årdal - stengd grunna uvêr. Vert ikkje opna att i dag.
- Fylkesveg 55 Balestrand – Høyangar ved Flesje bru – stengd grunna jordras
- Fylkesveg 55 Balestrand – Dragsvik ved Esebotn bru – stengd grunna fare for ras
- Fylkesveg 92 Vik-Arnafjord – stengd grunna snøras
- Fylkesveg 93 Nautsund – Vadheim, ved Heldalsheia – stengd grunna fare for ras
- Fylkesveg 152 Ulvastad – stengd grunna snøras
- Fylkesveg 241 Gudvangen – Bakka ,ved Bakka – stengd grunna fare for ras
- Fylkesveg 337 Hafslo – Veitastrand – stengd grunna snøras
- Fylkesveg 453 Klakegg – Fonn, ved Veiteberg – stengd grunna overfløyming
- Fylkesveg 481 Storehagen – Botnen – steng grunna flaum
- Fylkesveg 614 Grov – Stårheim – steng grunna fare for ras
- Fylkesveg 615 Storebru – Sandane(Hyen-Hestnesøyra) – stengd grunna jordras
- Fylkesveg 691 Gjengedal – Aa bru – stengd grunna snøras
- Fylkesveg 723 Bødal – Loen – stengd grunna snøras
SLIK ER DET PÅ VEGANE I HORDALAND KLOKKA 12
- E16 Voss - Gudvangen - fare for vassplaning
- E16 Trengereid - Voss - fare for vassplaning
- E16 Voss - Vinje, ved Løno - stengd grunna flaum
- E39 Knarvik - Oppedal, ved Romarheim - redusert framkome grunna flaum
- Riksveg 13 Nesdalen og Røldal i Brattlandsdalen, stengd grunna ras
- Fylkesveg 313 stengd grunna snøras ein plass, og grunna flaum ved Styve bru
- Fylkesveg 550 mellom Odda og Utne er stengd grunna overfløyming
- Fylkesve 572 mellom Bruravik og Ulvik er stengd. Kolonnekøyring gjennom Vallavikstunnelen
- Riksveg 7 Hardangervidda stengt for personbilar, kolonnekøyring berre køyretøy over 7,5 tonn
- Riksveg 13 Vikafjell stengd
- Riksveg 50 Aurland og Hol stengd grunna overfløyming i tunnelane
- Fylkesveg 7 Kvamskogen, stengd grunna flaum
- Fylkesveg 7 Trengereid - Granvin, ved Furedalen - stengd for personarbilar grunna flaum
- Fylkesveg 131 Fyksesund - Kvam - stengd grunna snøras
- Fylkesveg 345 Modalen-Steinsland, ved Steinsland - stengd grunna fare for ras
- Fylkesveg 307 Palmafossen - Mjølfjell Bru - stengd grunna flaum