Hopp til innhold

Store krav kan velte draumen om Europa

FØRDE (NRK): Internasjonalt spel er i dei fleste idrettar knytt til store inntekter for klubbane, men i Førde Volleyballklubb tel dei på kronene for å sjå om dei har råd til å vere med i Champions League.

Førde VBK er seriemeistrar

DOBLE MEISTRAR: Førde har denne sesongen blitt både seriemeistrar og cupvinnarar. No har dei fram til 16. mai på å finne ut om dei skal prøve seg på høgst nivå i verda.

Foto: Frode Andersen

– Utfordringa er på økonomisida. Det er nokså strenge krav til laga som skal delta i meisterligaen. Mange trur kanskje at når ein først er kvalifisert så kjem det mange millionar til laga, men her er det snudd på hovudet, og det er vi som må betale heile gildet, seier Jan Ove Hafstad, styremedlem i Førde volleyballklubb.

Mange krav

Jan Ove Hafstad studerer kortversjonen av kravlista for å delta i Champions League i volleyball.

KAN STOGGE DRAUMEN: Papirbunken med krav er massiv, og for Førde volleyballklubb kan alle spesifikasjonane vere det som hindrar dei i å nå draumen om meisterligaspel, trur Styremedlem Jan Ove Hafstad.

Foto: Rune Fossum

Han står med ei lefse på 150 sider, tettskrivne med krav og spesifikasjonar til arrangørlaga i Champions League. Som ferske seriemeistrar er dei direkte kvalifiserte til spel på internasjonalt toppnivå, men det ser mørkt ut for deltakinga. For på kravlista står mellom anna:

  • Hall 2000 sitteplassar
  • 12 meter under taket, ni meter i første runde
  • TV-sending med fem kamera

På toppen av dette kjem det påmeldingsavgift. Samla sett er det snakk om store innhogg i ei lita klubbkasse. Klubben gjer no det dei kan for å sjå om dei kan klare å oppfylle draumen.

Vil ut i Europa

– Det er ei utfordring for både spelarar og trenarar. Og at spelarane kan få vise seg fram slik, det hadde vore freistande. Men når vi ser på kva det inneber, så er det ikkje like innbydande for ein amatørklubb, seier trenar Jan Egil Tvinde.

Uansett kor freistande det er, så er det mykje som må kome på plass for at laget kan få spele mot nokre av verdas beste volleyballag på heimebane.

– Lysta er der. Å vere den første volleyballklubben i landet som får til noko slikt, og endå til i Førde, men krava er nok for strenge, seier Hafstad.

Å spele ute i Europa er del av femårsplanen til klubben, som dei nyleg gjekk inn for. Dersom pengane ikkje dalande ned frå himmelen innan kort tid, så ser det likevel ut som at klubben må nøye seg med Europaspel på eit anna nivå.

– Vi har tidlegare vore med Challengecup i Europa. Det er nok mest truleg at vi går for det, om vi skrinlegg meisterligaen, avsluttar Hafstad.

Klubben skal bestemme seg for kva dei vil gjere innan 16. mai.