Hopp til innhold

Helse Førde skal redusere med 29 millionar

Kostnadene i Helse Førde skal reduserast med 29 millionar kroner neste år. Det går fram av budsjettframlegget som styret skal ta stilling til neste veke.

Jon Bolstad

HARDE TAK: Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, seier det vil vere krevjande å nå måla.

Foto: Stig Indrebø / NRK

– Skal vi klare å tilfredsstille resultatkravet på 40 millionar kroner i minus, har vi behov for å redusere kostnadene med eit slikt beløp, seier administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad til Helse Førde sine nettsider.

Det er han som føreslår kostnadsreduksjonen i budsjettframlegget. Direktøren ser ingen andre måtar å løyse resultatkravet på.

Brukar meir enn dei tenar

Han trur ikkje at auka aktivitet eller auka inntekter vil endre situasjonen.

– Dette vil føre til så stor kostnadsauke at resultatet samla sett vert forverra. Strategien for å nå økonomisk balanse må difor hovudsakleg vere å reduserer kostnadene, seier Bolstad.

Helse Førde har lagt fram eit budsjett i balanse for 2012. Bolstad legg ikkje skjul på at det har vore krevjande, og han er framleis uroa for den økonomiske situasjonen til føretaket.

Er på rett veg

– Vi har gått rett veg, men resultata har stort sett vore negative. Dette gjer at føretaket i dag ikkje har økonomi til å gjennomføre naudsynte tiltak som vi ønskjer. Vi har framleis ekstra hjelp frå Helse Vest på 70 millionar kroner i form av skjønstilskot, og vi har også løyve til å drive med underskot, seier Bolstad.

Han presiserer at dette etter kvart skal reduserast, og at foretaket innan utgangen av 2013 skal ha effektivisert drifta med 50 millionar kroner.

Både omstilling og redusering

– Mykje av desse omstillingane skjer for alvor neste år, og det er lagt opp til reduserte nettokostnader både i kirurgisk og medisinsk klinikk som følgje av dette arbeidet, seier Bolstad.

Men desse omstillingane vil ikkje gi heilårsverknad før 2012.

– Dessutan har vi med oss ein ubalanse frå drifta i år på om lag 15 millionar kroner. Den må vi også dekke inn neste år, seier Bolstad.

Det var i samband med budsjetthandsaminga i fjor at styret i Helse Førde vedtok at omstillingsutfordringane i 2011 skulle løysast med kontinuerleg fokus på effektivisering innan eige føretak.

Trur det blir krevjande å innfri

Mellom anna ved å leggje om drifta ved lokalsjukehusa og ytterlegare dreiing frå døgnhandsaming til poliklinikk og dagkirurgi.

Etter å ha sett over rapporteringane for i år, har Bolstad sett at det vil ta lenger tid å skape økonomisk balanse i føretaket. Han trur ikkje det blir lett å innfri krava.

Blant fleire av dei konkrete sparetiltaka, ligg det an til at kirurgisk klinikk får 22 færre senger i 2012.

– 2012 vert eit år der ein skal endre struktur på fleire avdelingar, seier klinikkdirektør Tore Dvergsdal.

Reduserer kostnadene med 15 mill

Strukturendringane kjem i hovudsak til å gå ut over Kvinneklinikken (KK), ortopedisk avdeling og avdeling for akuttmedisin (AAM).

Ved dei andre avdelingane i klinikken, augeavdelinga, kirurgisk avdeling, Øre-nase-hals og dagkirurgisk avdeling, vil drifta bli om lag som i inneverande år.

– Når det gjeld innsparingar neste år legg vi opp til ein reduksjon i kostnader på 15,4 millionar kroner. Nedlegging av ortopedien ved Nordfjord sjukehus reduserer nettokostnadene med nær 15 millionar, seier Dvergsdal.

For 2012, legg han opp til ein reduksjon i drifta ved Kvinneklinikken på fire millionar kroner. Samla gir dette ein reduksjon på 22 senger i klinikken.