Hopp til innhold

Stor streikevilje i Førde - vil ikkje råke vanlege folk

– Vi ynskjer først og fremst at streiken skal råke arbeidsgjevar og ikkje andre, seier hovudtillitsvald i fylkeskommunen, Kari Hauge.

Streik i Førde

STREIKELOKALE: Dei streikande i Førde held til i ungdomshuset Viking.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide/NRK

Arve Hornnes

KAFFIKOKAR: Arve Hornnes sørgjer for kaffi til streikevaktene.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

28 kommunalt tilsette i Førde førebur seg til streikevakter. Også i fylkeskommune er 12 tilsette i Førde tekne ut i streik. Totalt er 103 tilsette i kommunar og fylke som streikar.

Ein gjeng på om lag 30 personar var i morgontimane samla i ungdomshuset Viking i Førde sentrum. Streikevestane ligg klare. Arve Hornnes har fått oppgåva som kaffikokar og er klar til å streike.

– Streikeviljen er stor. Det blei brot i forhandlingane, så no må vi stå på.

Fekk ikkje innfridd krava

Kari Hauge

TILLITSVALD: Kari Hauge er hovudtillitsvald i Fagforbundet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kari Hauge seier årsaka til streiken er at dei ikkje har fått gjennom kravet om rettferdig og anstendig løn for alle tilsette.

– Heller ikkje kravet om å sikre fleire arbeidstakarar heile stillingar blei innfridd.

Ho seier det er administrative jobbar som ikkje blir gjort ved tre vidaregåande skular i fylket.

– Det same gjeld kulturkontoret og opplæringsavdelinga. Det er ikkje sikker at vanlege folk vil merke så mykje til dette, men arbeidsgjevaren vil merke det og det er det viktigaste i denne fasen.

Elin Skaar

KLAR FOR STREIK: Elin Skaar seier stemninga mellom dei streikande er god.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ho seier streiken førebels ikkje råkar dei som skal ta eksamen eller få vitnemål.

God stemning

Elin Skaar som er nestleiar i Fagforbundet i Førde, seier dei no skal sende ut streikevakter.

– Stemninga er god. Vi er klare til å streike så lenge vi må.