Hopp til innhold

Stor matlyst ved frukostbordet

FØRDE (NRK): I går gjekk startskotet for EM i vektløfting, noko ein merkar hos kjøkkenavdelinga på Sunnfjord Hotell. Dei tilreisande utøvarane har nemleg eit sunt matvett.

tom tallerken

TOMME TALLERKAR: Matinntaket er dugleg større på Sunnfjord Hotell under EM i vektløfting.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Det er veldig travelt, men også veldig kjekt, seier Ida Stuhaug.

Ho er kjøkkensjef på Sunnfjord Hotell, der fleire av dei tilreisande utøvarane og støtteapparat deira har kome seg på plass i løpet av helga. Sola er no på veg opp, og frukosten står for tur. Stuhaug og resten av kjøkkenstaben er i full sving med matlaginga, det krev nemleg sitt å halde tritt med dei svoltne vektløftarane.

– Her om dagen serverte me aure. Da var dei 120 til bords, og det gjekk med 70 kilo fisk, seier Stuhaug med eit smil.

Europameisterskapet har nett byrja, og utøvarane som er her no, stiller i dei lettaste vektklassane. Det vil seie at gjestene på hotellet blir tyngre og tyngre utover veka. Det er noko Stuhaug tek høgde for.

– Eg skal bestille varer no, og da kjem eg til å ta i kraftig, ler Stuhaug.

Ida Stuhaug

TRAVELT: For kjøkkensjef Ida Stuhaug og resten av kjøkkenstaben er det eit høgt tempo på kjøkkenet om dagen.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Fisk og grønt

Dei et mykje fisk. Det er litt overraskande sidan vi trudde det ville gå mykje i egg, storfe og kylling, seier Stuhaug.

For mange kjem jo ordet protein kjapt til tankane når ein høyrer om vektløfting og kosthald. På Sunnfjord Hotell var dei derfor klar med store mengder egg i ulike former og fargar, sidan det er ei rik kjelde til protein. Men det viser seg at det ikkje er egg som er utøvaranes favoritt.

– Det går absolutt mest grønsaker og frukt. Me bestilte faktisk eit heilt tonn ekstra, men der er det snart heilt tomt likevel.

Sunnfjord Hotell Frukost egg

MINDRE POPULÆR ENN VENTA: Det vanlegvis så populære egget står ikkje høgast på lista under frukosten.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Ikkje alle stappar i seg

Sjølv om mange av vektløftarane et mykje for å prestere godt i meisterskapet, er det ikkje alle som stappar i seg enorme mengder mat. For nokon er det nemleg viktig å passe på vekta, slik at dei ikkje er for tunge for vektklassa dei ønsker å konkurrere i.

Emilly Godley representerer Storbritannia, og ho må faktisk ned i vekt før ho skal i aksjon denne veka.

Emily Godley

KLAR FOR SAUNA: Utøvar Emily Godley er klar for to dagar i sauna, for å bli kvitt nokre ekstra kilo.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Eg må gå ned to kilo før onsdag, seier Godley.

Ho sit ved frukostbordet saman med dei andre britiske utøvarane, men i motsetning til dei andre som sit og nyt frukosten, drikk ho berre vatn.

Det er viktig at eg er varsam med kva eg puttar i munnen. Spesielt karbohydrat må eg halde meg unna akkurat no, seier Godley.

To kilo på to dagar er heilt klart ei utfordring, men Godley har planen klar for å nå idealvekta på 63 kilo.

– Eg kjem til å drikke mykje vatn og sitje veldig mykje i saunaen på hotellet, ler Godley.

Ete fysst

KLÅRT BODSKAP: Det er ikkje tvil om kva ein må prioritere når ein kjem inn i frukostsalen på Sunnfjord Hotell.

Foto: Martin Torstveit / NRK