Hopp til innhold

Jubla for gjennomslag i Borlaugstunnelen

Nøyaktig klokka 13.00 i dag, som planlagt, runga salven som førde til at det er gjennomslag i den 4050 meter lange Borlaugstunnelen på E16 over Filefjellet.

Ei salve på 500 kilo måtte til då vegarbeidet på Filefjell nådde ein ny milepæle onsdag.

SMELL: Kring 500 kilo sprengstoff gjekk med då vegarbeidet på Filefjell nådde ein ny milepæl onsdag.

Tunneldrivinga har gått frå begge sider, men i dag møttest dei to arbeidslaga midt i tunnelen.

– Det vart markert med skåling med brus i glasa på røysa, og med kake og kaffi etterpå. Dei fleste av arbeidarane på anlegget var med på feiringa, fortel prosjektleiar Oddvin Ylvisaker i Statens vegvesen.

– Meir attraktiv

Gjennombrot for Borlaugstunnelen.

GLEDE: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, og prosjektleiar Oddvin Ylvisaker.

Foto: Alf Vidar Snæland

I juni 2014 blir veganlegget opna, og då vil E16 bli langt meir attraktiv å køyre, seier Ylvisaker.

– Denne tunnelen gjer at folk slepp å køyre det som i dag er den mest kronglete delen av vegen over Filefjellet, mellom Borlaug og Maristova. På denne strekninga er det og fire rasutsette punkt som bilistane slepp å engste seg for frå neste sommar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gjennomslag i Borlaugstunnelen

SOM SMURT: Onsdag kunne dei to arbeidslaga møtes midt i Borlaugstunnelen.

Foto: Alf Vidar Snæland

1,76 milliardar kroner

Ylvisaker fortel at det er høg standard på den nye tunnelen, den er ein meter breiare enn dei andre nye tunnelane på E16 i Lærdal. Også stigningsforholda blir betre.

I 2016 skal heile strekninga over Filefjellet vere ferdig. Der vegen ligg ute i dagen skal den hevast over dagens nivå for at det skal vere lettare å halde den open om vinteren.

På strekninga forbi Nystova mot Tyinkrysset kjem det ein ny tunnel på om lag seks kilometer.

Alt i alt kostar utbygginga av E16 over Filefjellet 1,76 milliardar kroner.