Hopp til innhold

Ordføraren må vente med å køyre nyetunnelen

I føremiddag opna fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) den nye Nishammartunnelen i Dale. – Det er ei god kjensle. Absolutt, smiler ordførar Arve Helle (Ap).

Tunnelen har dei mange reisande på fylkesveg 57 venta lenge på. Nishammaren har gjort strekkja mellom Dale og Sande til den mest rasutsette i fylket.

– Det er veldig kjekt at vi kan ta i bruk 2,6 kilometer med ny og flott veg og vi er ferdige med eit veldig rasutsett punkt, som mange har kvidd seg til å køyre. No blir det ei heilt anna køyreoppleving, og ikkje minst ei tryggare køyreoppleving, seier ordførar i Fjaler, Arve Helle (Ap).

Ordføraren må vente

Både små og store møtte til opninga, og fleire heiste flagget til topps. Juniorgruppa i skulekorpset spelte.

Medan Magnus Nistad fekk æra av å køyre veteranbilen sin gjennom tunnelen som første bilist. Oppteken med arrangementet i etterkant av snorklippinga, måtte ordførar Helle derimot vente med å prøve nyevegen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Slik er køyreturen gjennom tunnelen som blei opna i dag.

SJÅ VIDEO: Bli på køyretur gjennom Nishammartunnelen. Foto: Marianne Furevikstrand

– Vi hadde inga kortesje i dag, og eg er nesten misunneleg på alle dei som har køyrt der. Eg må nok vente eitt par timar til før eg får gjort det, men eg gler meg, seier han.

Framleis ein jobb

Sjølve tunnelen er 1,8 kilometer lang, og inne i fjellet er det ei rundkøyring som frå desember av knyter fylkesvegen saman med Dalsfjordbrua og vegen til Askvoll.

Om fjalerbuane i dag jublar over langt betre standard på første del av vegen mellom Dale og Førde, er ordføraren klar på at dei framleis trengst utbetringar.

– Det er jo betydelege utfordringar når nyevegen tek slutt. Så vi har mykje jobb å gjere her vidare framover, seier Helle.