Hopp til innhold

Stor auke i talet naturskadesaker

Statens naturskadefond må i år truleg handsame seks gonger så mange naturskadesaker som i 2010. Seksjonssjef i fondet trur talet på slike saker berre vil auke i åra som kjem.

Flaum på Blakset i Stryn

PÅ FJORDEN: Desse to nausta fekk hard medfart då regnet skylla ned over Blakset i Stryn i juli sist sommar.

Foto: Silje Guddal / NRK

2011 vart eit år der vêret verkeleg sette sitt preg. Spesielt orkanen Dagmar som herja i romjula har ført til mange saker for Naturskadefondet. Også uvêr sist sommar og haust gjer at 2011 blir eit uvanleg år i forhold til tal på saker for fondet, seier seksjonssjef Gunn Eide.

– Det har vore veldig mange saker etter alle naturskadane i 2011, seier Eide og fortel at det også 2012 vil resultere i mange saker.

– Så veit vi at det har skjedd store naturskadehendingar også i år, spesielt i løpet av sommaren.

Styggevêr prega fjoråret

Mange hugsar 2011 som eit år med mykje dårleg vêr. I fjor sommar opplevde fleire at det fløymde aldeles over etter at det kom ned store nedbørsmengder på svært kort tid.

I Nordfjord måtte over 40 personar evakuerast i slutten av juli etter at eit veldig regnvêr tok med seg både vegar og bruer. Magne Tvinnereim vakna av eit brak då elva hadde vakse seg stor og nesten kom inn i huset.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video 50 vart evakuert ved Nordfjorden

MÅTTE FLYKTE FRÅ ELVA: 50 personar vart evakuerte ved Nordfjorden etter uvêret sist sommar.

Hausten vart ikkje noko betre. Stormen Berit kom i november, og endå verre vart det då orkanen Dagmar herja i romjula. Sogn og Fjordane var blant fylka som vart hardast råka, og fleire tusen måtte klare seg lenge utan både straum og telefonsamband.

Berit Myren (66) i Lodalen i Stryn var blant dei som fekk merke naturkreftene på kroppen då ho med naud og neppe fekk berga seg ut medan vinden totalraserte huset hennar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tungestølen

RASERT: Tungestøylen turisthytte i fjella over Veitastrond var berre pinnevev etter at orkanen Dagmar fekk herje frå seg i romjula i fjor.

Foto: Hildegunn S. Heggestad

Trur det blir 3000 saker i 2012

Det stygge vêret har gitt Statens naturskadefond og seksjonssjef Gunn Eide hendene fulle.

– Det kan faktisk hende at det blir inntil 3000 saker som blir handsama i år, seier Eide og forklarar at det er langt meir enn normalt.

– Eit snittår er det mellom 1000 og 1200 saker, seier ho.

Fjoråret og året vi er inne i no syner ei sterk auke i talet på saker.

– I 2009 og 2010 var vi heilt nede i 500 og 600 saker i året, så 3000 saker er veldig mykje, seier Eide til NRK.no.

– Det kan bli fleire i åra som kjem

Berre i september skal 450 saker opp til handsaming. Om styret følgjer innstillinga til Eide og hennar stab har det blitt utbetalt erstatningar på over 190 millionar kroner så langt i 2012.

– Det er langt over det som er vanleg, seier Eide.

Seksjonssjefen trur naturskadefondet berre vil få det meir og meir travelt i åra som kjem.

– Varsla om klimaendringar gjer at vi må førebu oss på at det kan bli fleire naturskadesaker i åra som kjem.

Video Berit fekk huset totalt rasert av "Dagmar"

RASERT: Då stormen rasa som verst måtte Berit Myren (66) flykte for livet.