Hopp til innhold

Stor auke i drap på sau og geit

Jerv, kongeørn og gaupe har drepe mykje sau og geiter i 2011. Det førte til at utbetalingane til bøndene auka med 33 prosent frå året før.

Jerv

KJEM ATTENDE: Jerven har auka i talet på etter ein sesong med lite felling frå Statens Naturoppsyn si side.

Foto: Asgeir Kvalvik / Scanpix

Ein rapport som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har lagt fram, viser at skadeerstatningane for tap av sau og geit i 2011 har auka med kring 300.000 frå året før. Bøndene i Luster kommune er spesielt råka, heile 52 prosent av utbetalingane går nemleg til dei.

Både kongeørn og gaupe har teke meir dyr i 2011 enn året før, kongeørna har drepe 38 fleire dyr, og gaupa har teke 16 fleire.

  • Sjå tabellen nedst i saka
Kongeørn

KONGEØRN: Denne store rovfuglen har teke 38 fleire dyr i Sogn og Fjordane i 2011 enn i 2010.

Foto: Bjørn Ove Årdal

Jerven er tilbake

Jerv er den absolutte verstingen når det kjem til drap av småfe i fylket. Berre i Luster vart 133 lam og 28 sau drepne av rovdyret i løpet av 2011. Totalt har det store mårdyret drepe 293 dyr i Sogn og Fjordane, noko som er over dobbelt så mykje som fjoråret, der jerven tok 142 sau og lam.

Hermund Mjelstad i Rovviltforvaltinga meiner at årsaka til auka i 2011 kjem av at jervestanden i fylket har auka ifrå året før.

– Det er jerven som har skulda i at vi har fått denne store auka. I fjor vart det bere felt totalt to jerv i heile fylket, mot 18 året før. No er det like mange plutseleg og vel så det, fortel Mjelstad.

Gaupe

GAUPE: Gaupa er heller ikkje heilt uskuldig i den store erstatningsauka, den tok 16 fleire dyr i fylket enn året før.

Foto: Poppe, Cornelius / Scanpix

Sauebøndene i fylket er bekymra for at det ikkje vert tatt ut nok jerv før dyra deira skal ut på beite att.

– Det har vore for dårlege jaktforholdtil å kunne ta ut jerv i vinter. Mykje dårleg vêr og lite nysnø har gjort at spora er vanskelege å finne. Men det er mogeleg at det vert jakta no i helga når det er meldt så fint vêr, fortel Mjelstad.

Kommunevis oversikt over erstatning for rovviltskader i 2011

  Kommune

Kongeørn

Gaupe

Jerv

"Freda rovvilt"

Sum utbetalt i kroner

Bremanger

1 sau + 5 lam

 

 

 

14.110

Selje

20 lam

 

 

 

40.848

Eid

11 lam

1 lam

 

 

18.980

Stryn

4 lam

 

3 sau + 37 lam

 

81.878

Hornindal

6 lam

 

 

 

8.616

Flora

7 lam

 

 

 

10.334

Førde

7 lam

 

 

 

11.987

Jølster

2 lam

 

 

 

2.854

Askvoll

1 geit + 3 kje

 

 

 

4.800

Gloppen

 

 

 

 

0

Gaular

 

 

 

 

0

Fjaler

1 geit + 3 kje

 

 

 

4.800

Hyllestad

 

2 lam

 

 

2.970

Vik

 

 

 

 

0

Leikanger

3 lam

2 sau + 8 lam

 

 

27.567

Sogndal

4 lam

 

 

2 lam

8.528

Luster

31 lam

12 sau + 43 lam

28 sau + 133 lam

 

485.614

Årdal

3 lam

 

10 sau + 69 lam

 

170.619

Lærdal

2 lam

2 lam

4 sau + 9 lam

 

38.766

TOTALT 2011:

1 sau + 105 lam + 2 geit +
6 kje

14 sau +
56 lam

45 sau + 248 lam

2 lam

933.371

TOTALT 2010:

2 sau
64 lam
2 geit
8 kje

 9 sau + 54 lam

27 sau + 115 lam

2 lam

634.837

Ekspander/minimer faktaboks