Hopp til innhold

Stogga med utgått førarkort

Føraren av ein semitrailer kan vente seg eit oppgjer med politiet etter ein fartskontroll på Byrkjelo. Vedkommande vart målt til 61 km/t i 50-sone, og det viste seg i tillegg at førarkortet var utgått. Føraren blir meld for begge forholda.