Hopp til innhold

På to veker har Ola Rasmus sett sonen sette verdsrekord og hoppe inn til VM-gull

– Dette er stort, strålar Ola Rasmus Fannemel etter å ha sett sonen sin hoppe til VM-gull i Falun.

Ellen Bodil Kirkeeide og Ola Rasmus Fannemel

PÅ TRIBUNEN: Mamma Ellen Bodil Kirkeeide og pappa Ola Rasmus Fannemel var begge i Vikersund då sonen Anders sette verdsrekord. I dag var Ellen heime i Hornindal, medan Ola Rasmus var på tribunen i Falun.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det norske hopplandslaget utklassa konkurrentane og henta for første gang sidan 1993 heim eit VM-gull i laghopp.

På tribunen stod pappa Ola Rasmus Fannemel. Som han gjorde i Vikersund då Anders Fannemel sette verdsrekord med 251,5 meter for to veker sidan.

– For meg var det veldig spennande då Anders hoppa. Så vart det berre meir og meir spennande, ler han.

Suverene nordmenn

Noreg vann med 19,6 poeng framfor Austerrike. Hoppkometen frå Hornindal sende Noreg då han strekte seg til 126,5 meter i sitt første hopp. Den leiinga gav Anders Bardal, Anders Jacobsen og ankermann Rune Velta aldri ifrå seg.

Komm.: Christian Nilssen og Johan Remen Evensen.

SJÅ VIDEO: Anders Fannemel hoppar Noreg opp i leiinga med sitt første hopp.

Sistnemnde landa på 121 meter og nordmennene kunne sleppe jubelen laus. Polen tok tredjeplassen.

– Eg var veldig glad då Fannemel hoppa siste hoppet. Då var det 30 poeng ned, og Velta kunne safe inn på siste hoppet. Det trur eg han gjorde. Han kunne nok gått endå lenger, trur pappa Fannemel.

Frykta tyskarane

Senior Fannemel vedgår at frykta konkurransen frå tyskarane.

– Etter storbakkerennet vart det sagt at sjansane var veldig store for å kjempe om gull. Men så skal ein ha åtte gode hopp, då, seier han og er usikker kva som så langt er den sterkaste prestasjonen til sonen.

– 4.-plassen i verdscupsamandraget er det som kanskje er vanskelegast å oppnå. Du skal hoppe godt heile året for å vere så nær topp tre. Det er noko med det, seier han.

Stolt ordførar vil feire

Senterpartiordførar i Hornindal Anne-Britt Øen Nygård.

STOLT: Honndølene plar feire Anders Fannemel når han kjem heim etter til bygda. Ordføraren Anne-Britt Øen Nygård lovar feiring også av VM-gullet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Heime i Hornindal følgde ordførar Anne Britt Øen Nygård (Sp) spent med på TV-sendinga frå Sverige.

– Hendene var høgt oppe i lukta og eg gaula. Dette var kjempestas og veldig spennande, strålar ho og lovar sende sine gratulasjonar til kommunen sin store hopphelt. Slik ho plar gjere. Ho lovar at også denne prestasjonen skal markerast.

– Han har hatt ein kjempesesong i år. Eg er så stolt av han. Så vi må finne på noko når han kjem heim att. Sånne ting er stas,