Hopp til innhold

- Det må kome løyvingar saman med krava, meiner KS

Regjeringa meiner kommunane må gjere meir for å sikre seg mot flaum og ras, men løyver ingen pengar til arbeidet. – Det går ikkje, meiner KS.

Flaum og ras

FLAUM OG RAS: Endringar i klimaet gjer at ein må leve med faren for flaum og skred. Men regjeringa stiller krav til korleis kommunane skal jobbe for å handtere problematikken.

Foto: Montasje (Meland,NRK/Robert Jan Leerink)

Leiar for interessepolitikk i KS, Helge Eide, seier dette ikkje heng i hop.

– Regjeringa kan ikkje krevje at kommunane styrkjer arbeidet med flaum- og skredsikring og førebygging av dette, utan å kome med ekstraløyvingar, seier Eide til NRK.no.

Har store forventingar til kommunane

Sist veke la Olje- og energidepartementet fram stortingsmeldinga om flaum og skred. Her blir kommunane gitt større ansvar for arbeidet med å sikre seg mot dette.

I dag bur 150 000 menneske i Norge i flaum- og skredutsette område, og det vil koste mykje å sikre desse områda.

– Den augneblinken ein skal setje planar i verk, og gjere meir for å førebyggje flaum og skred, så kostar det pengar. Vi meiner det må vere samsvar mellom det som er venta og dei ambisjonane departementet har og dei økonomiske midlane, seier Eide.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras i Balestrand

OMKOM: To personar miste livet då eit ras knuste huset i Balestrand i mars i fjor.

Foto: Arve Uglum / NRK

Men løyver ikkje pengar

For sjølv om KS meiner det er fint med planar for korleis ein skal arbeide for å hindre at flaum og skred gjer skade og tar menneskeliv, er dei litt oppgidde over meldinga.

For som det står avslutningsvis i meldinga, «Stortingsmeldingen om flom og skred får ikke budsjettmessige konsekvenser». Det betyr at kommunane ikkje får pengar til arbeidet.

– Viss ein skal tilpasse eksisterande bygg og vegar i kommunesektoren til framtidige klimaendringar, ved å ta att vedlikehaldsetterslepet, så vil det bety enorme beløp. Det er så svære beløp at det er heilt usannsynleg å tru at kommunesektoren kan gjere dette på eiga hand.

Eide ser to løysingar på utfordringa.

– Det eine er at kommunane skjærer ned på barnehage, skule og eldreomsorg. Eller så er det å seie at dette kostar pengar om ein må få dette tilført gjennom økonomiske rammer.