Hopp til innhold

Sterke reaksjonar på «dødsannonse»

Ei ironisk dødsannonse for legekontoret på Stadlandet har sett sinna i kok på sosiale medium.

"Dødsannonse" for legekontor i Fjordenes Tidende

PÅ DEI DØDE SIN PLASS: Som ei heilt vanleg dødslysing blir Stadlandet Doktorkontor takka av i fredagsutgåva av Fjordenes Tidende. Det fell ikkje i god jord hos alle.

Foto: Faksimile/skjermdump, Fjordenes Tidende

I fredagsutgåva av Fjordenes Tidende står det berre éi dødslysing. Den er derimot noko spesiell.

«Vårt indelig kjære og sterkt savna Stadlandet Doktorkontor sovnet stille inn i vår ...» står det i annonsen som er plassert under vignetten «Dødsfall,» der lokalavisa sine dødsannonsar vanlegvis blir plassert.

Det heile er meint som ironi og eit innlegg i ei lenge pågåande kamp om å få bevare legekontoret på Leikanger i Selje kommune. I same utgåve av avisa, på redaksjonell plass, kan ein lese om at det ser svært mørkt ut for legekontoret. 500.000 kroner må samlast inn om kontoret skal vidareførast i ein kommune med dårleg økonomi.

«Usmakeleg»

Reaksjonar på sosiale medier mot "dødsannonse"

TEK AVSTAND: Denne kommentartråden på Facebook er ein fleire

Foto: skjermdump, Facebook

Men dødsannonsen blir ikkje godt tatt i mot blant Måløy-avisa sine lesarar.

«Eg tek sterk avstand frå at dødsannonsar vert brukt på ein slik måte!», skriv ei kvinne frå Stadlandet på sin opne Facebook-profil.

Innlegget haustar stor støtte i kommentarfelta:

«Usmakeleg», «Journalistisk lågmål»l, «Usmakelig både av dei som har sendt inn og avisa som velge å ta det med på trykk»

–Vi burde kanskje ikkje plassert annonsen under dødsfall-fana, vedgår ansvarleg redaktør Erling Waage overfor Sunnmørsposten som først omtalte saka.

Wåge seier til avisa at legekontoret sin lagnad gjennom fleire år har vore ei oppheita politisk sak med sterke meiningar.

– Skulle ikkje stå under «Dødsfall»

Då Fjordenes Tidende fekk førespurnad frå ein person som på ironisk vis ville få fram sin bodskap i saka, let redaktøren det passere.

Erling Wåge

BEKLAGAR PLASSERINGA: Ansvarleg redaktør Erling Wåge i Fjordenes Tidende.

Foto: odd l. drabløs

– Vi opplevde ikkje innhaldet som støytande mot enkeltpersonar, seier redaktøren.

Han er sjølv på ferie i Tyskland og var ikkje klar over at annonsen var plassert under dødsfall-fana, før Sunnmørsposten tok kontakt.

Wåge er klar at berre reelle dødsannonsar skal merkast som «Dødsfall».

– Det kan kanskje opplevast litt uheldig at annonsen står under den fanen, men med tanke på sida den står på – og at det ikkje er andre dødsannonsar, var dette ironi som kunne formidlast, seier Wåge til Sunnmørsposten.

Får også støtte

Den spesielle dødsannonsen får også støtte frå enkelte lesarar på sosiale medium:

«Eg synest at det er eit kreativt påfunn som viser den langsome døden av offentlige tilbod som skjer i bygdene våres på ein slik måte at kanskje til og med politikarane forstår? Skuler, sykehus, bibliotek, bank, post, legekontor, tannlege, svømmebasseng», skriv ein mann på Facebook.

Det har ikkje lykkast NRK å få ytterlegare kommentar frå Erling Wåge som er på ferie.

Ps. Det er ikkje første gong ei nedlegging resulterer i dødsannonse i Sogn og Fjordane. Då Hydro sin Hall C på Høyanger metallverk vart stengd ned i 2006 trykte Bergens Tidende ei ironisk dødsannonse, men då på redaksjonell plass i samband med ein reportasje.