Hopp til innhold

Går nettleiga opp med ti øre, vil det koste Elkem 70 millionar – og då er det kroken på døra

Nettleiga kan auke med så mykje som ti øre per kWh. For Elkem sin del betyr det 70 millionar kroner i ekstra utgifter. Det kan bli slutten for drifta i Bremanger.

Created by InfoDispatcher

UROA: Ved Elkem Bremanger er dei uro for konsekvensane ei auka nettleige kan få. Foto/redigering: Sindre Sunde Tveit

Trass i massiv kraftutbygging i Sogn og Fjordane, må brukarar i fylket betale meir for

straumen enn folk i resten av landet. Årsaka til det er høgare nettleige. No fryktar industrien nedlegging.

Hjå Elkem Bremanger går omnane for fullt. Men det gjer dei ikkje av seg sjølv.

– Her er det snakk om stor varme. Til det treng vi masse energi og høg temperatur for å få prosessen til å gå, seier Gabriel Ossenkamp, som er plass-sjef på Elkem Bremanger.

Brukar like mykje straum som Ålesund by

Det trengst mykje kraft for å smelte silisium.

– På heile verket på Elkem Bremanger brukar vi 100 Megawatt, noko som svarar til ein by som Ålesund, seier Ossenkamp.

Billig straum frå lokale kraftverk er helt avgjerande for smelteverket.

– Elkem kjøper straum frå eit lokalt kraftverk, og det går rett inn i produksjon rett ved sidan av her, seier Ossenkamp.

Gabriel Ossenkamp

VIL HA SVAR: Plass-sjef ved Elkem Bremanger, Gabriel Ossenkamp, vil gjerne få rask avklaring på kva som skjer med nettleiga.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Men den massive utbygginga av kraftnettet i Sogn og Fjordane, gjer at nettleiga kan auke med så mykje som ti øre. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut. Men det vil koste Elkem 70 millionar kroner i året.

– Viss nettleiga vert auka med ti øre, slik det er sagt, så er det slutten for Elkem Bremanger, seier Ossenkamp.

Er ei urettferdig ordning

Det er politisk vedteke at ein skal satse på fornybar energi, og byggje ut i Sogn og Fjordane. Og då er det snakk om straum som ikkje ein gong skal brukast i fylket, men bli eksportert til resten av landet som ikkje har nok kraft.

– Føremålet med Ørskog-Fardal-linja er å løyse krisa i Midt-Norge og få energien dit, samt leggje til rette for småkraft, seier nettsjef i Sogn og Fjordane Energi, Asgeir Aase.

Likevel må industribedriftene i Sogn og Fjordane betale for utbygging av straum dei ikkje treng.

– Det er ei ordning som er svært urettferdig. Den er ikkje overlevbar, og det går ut over våre kundar og vår industri, som blør kvar einaste dag, seier Aase.

Treng rask avklaring

No vil energinæringa at kostnadane må bli meir jamt fordelte over heile Norge.

Olje- og energidepartementet seier at dei har sett ned ei ekspertgruppe for å sjå på problemet, og vil vente med å vurdere dagens praksis til ei har fått ein rapport frå gruppa i 2014.

Det er mager trøyst for Elkem Bremanger.

– Dette er viktig for oss å på avklaring på. Vi jobbar med lange horisontar, og uvisse betyr utsetjing av investeringar. Det hastar med å få dette på plass, vi må få vite kva som skjer, seier Ossekamp i Elkem Bremanger.