Hopp til innhold

Difor stengde dei tunnelen på riksveg 5 i nesten ein time

Dei som skulle køyre riksveg 5 mellom Skei og Fjærland fredag kveld, kom plutseleg til stengd tunnel. Årsaka til det var nemleg kunst. For både auge og øyre.

Kunst i tunnelen

MED LYS: Sms-ane frå publikum vart synte i lysande bokstavar på fjellsida.

Foto: Tale Hauso / NRK

Dei vel 80 frammøtte kunne fredag kveld mellom anna nyte vakker song av Stardalen mannskor.

May Elin Eikås Bjerck og sonen Nikolaij Bjerck er dei som står bak stuntet.

Inne i tunnelen fekk publikum høyre to liveinnslag. Først dikt og lyd, og så Stardalen mannskor med «Song i august».

Fekk publikum med på kunsten

Men publikum skulle også vere med på kunsten. Dei vart bedne om å lytte til innslaga, tolke dei, og lage seg nokre sms-meldingar. Desse vart så innsende og synt i ei lyssky når publikum bevega seg oppå tunnelen.

Nikolaij Bjerck

FEKK DET TIL: - Vi trudde først det ville vere vanskeleg å få stengt ein tunnel på grunn av noko slikt, men det gjekk heilt fint, seier Nikolaij Bjerck.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Sms-ane vart prosjekterte oppover fjellsida, slik at dei vart ganske store. I kombinasjon med skumring, vart det ganske spektakulært, seier Bjerck.

Prosjektet har vakse fram etter kvart som dei har jobba med det.

– Det har vorte til medan vegen har gått. Dei moglegheitene som har opna seg, har komme undervegs, seier Bjerck.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oppå tunnelen
Foto: Tale Hauso / NRK

Trudde det ikkje ville vere mogleg

Ideen om lyd i tunnelen var eigentleg ein idé som vart slengt ut litt i lause lufta.

– Vi trudde først det var umogleg å stengje ein tunnel, men så let det seg gjere, seier Bjerck.

May Elin Eikås Bjerck

STÅR BAK: May Elin Eikås Bjerck.

Foto: Tale Hauso / NRK

Han er overraska over kor greitt det har gått.

– Vegvesenet har vore svært velvillige, seier Bjerck.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stardalen mannskor
Foto: Tale Hauso / NRK

Plassen var valt med omhug

Plassen over tunnelen, er Eikås Bjerck svært glad for å kunne syne folk.

– Dette er ein plass ein ikkje ser når ein køyrer bil, seier Eikås Bjerck.

Plassen er valt med omhug, og nærleiken til Jostedalsbreen var viktig.

– Prosjektet byrja i 2010. Vi prøvde å nærme oss breen, og har lært mykje på vegen. Vi har prøvd å ta ut verdiar som er vanlege å bruke i ein pragmatisk samanheng, seier Eikås Bjerck.