Hopp til innhold

Steinras ved Borgund stavkyrkje

Det har gått eit steinras på fylkesveg 630 mellom Nese og Borgund stavkyrkje. Vegen er stengd.

Borgund

Førebels er vegen stengd forbi rasstaden, mellom Seltun og Borgund, opplyser Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Det er ikkje kjent kor mykje eller kor stort raset er. Men entreprenør er på veg.

Vegen forbi kyrkja var ein del av E16 fram til Borgundtunnelen og Seltunnelen vart opna i 2004 og 2003.