Hopp til innhold

Vegen opna etter ras - oppryddingsarbeidet held fram måndag

E16 i Aurland er opna etter at eit stort jord- og steinras gjekk over europavegen laurdag ettermiddag og stengde vegen heilt.

Foto/redigering: Heidi Lise Bakke/NRK

SJÅ VIDEO: Raset er 50 til 60 meter breitt og fem meter høgt på det høgste. (Foto/redigering: Heidi Lise Bakke/NRK)

– No har dei avslutta arbeidet og begge felta er no rydda. Det vil vere redusert fartsgrense på staden då det manglar rekkverk som blei teke med i raset, opplyser Roger Nedberge Hille hjå Vegtrafikksentralen i Lærdal klokka 19.20 søndag kveld.

Arbeidet med å rydde vegen vil halde fram frå klokka 7.30 måndag morgon. Det kan bli stengingar på inntil ein halv time. Er det lite trafikk kan det bli stengt i ein heil time.

Det var manuell dirigering på staden frå klokka 17.00. Då var berre eit felt ope for trafikk, opplyste Vegtrafikksentralen tidlegare i kveld..

Raset trefte vegen rett rundt klokka 17.50 laurdag ettermiddag, like etter avkøyringa til Hylland, og har kome ned i eit eksisterande rasløp. Raset dekkar over begge køyrefelta.

– Raset er 200 meter langt, mellom 50 og 60 meter breitt og fem meter høgt, seier Nedberge Hille.

Blir opna søndag ettermiddag

Meldingane søndag føremiddag gjekk ut på at vegen kom til å vera stengd til måndag.

Men oppryddingsarbeidet har gått raskare enn forventa, og no trur dei at dei kan opna vegen klokka 17 i dag, søndag.

– Geologen som var i området sa at så lenge det sluttar å renne vatn ned fjellsida, så skal det vera trygt å ferdast på vegen, seier Nedberge Hille.

– Nøyaktig når vegen opnar er ikkje sikkert, men rundt klokka 17, seier han.

Kraftig regn og torevêr

Det har vore kraftige regnbyger og torevêr i fylket laurdag ettermiddag og kveld, og det er truleg årsaka til raset.

– Politiet er der og sikrar staden, og det blir gjennomført søk i rasområdet. Men per no er det ingenting som tyder på at nokon er tekne av raset, sa Kjetil Drange, operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane til NRK laurdag kveld.

Det er omkøyring via riksveg 7 over Hardangervidda eller riksveg 13 over Vikafjellet.

Kø på E16 grunna ras

BLIR STENGD TIL I SØNDAG: Vegen opnar tidlegast måndag.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK