Hopp til innhold

Steinblokka sperrar for all trafikk

Innbyggjarane i Lavikdal fekk ein svært mykje lenger veg til arbeid og skule då ei steinblokk stengde fylkesvegen mellom Lavik og Lavikdalen, men måndag kveld opnar vegen igjen.

Steinblokker i vegen på fv 63

STENGD I HALVANNA DØGN: Søndag føremiddag stengde eit ras vegen. Det er venta at vegen blir opna igjen måndag kveld.

Steinblokka som søndag føremiddag raste ned i vegen ved Trangane, kring to kilometer frå Lavik i retning Lavikdal, har ein storleik på om lag ein kubikkmeter. Det har også rast ned mykje stein i grøftekanten.

Måndag morgon opplyste Vegtrafikksentralen at ein geolog skulle undersøke fjellsida klokka 12. Undersøkingane har heldt fram utover ettermiddagen, og det vert gjort oppryddingsarbeidet. Vegen er venta å opne klokka 18.00.

Årsaka til den lange stenginga er at ein god del steinar må flyttast for å rydde vegen.

Folk som bur i området fortel at det er mykje trafikk på denne vegen, og stenginga medfører lange omvegar då folk som skal på jobb eller skule i Lavik må køyre via Leirvik i Hyllestad kommune. For dei som bur lengst aust i Nedre Lavikdal betyr dette ein omveg på nærare éin time i bil.

Fylkesveg 63 stengt av ras

VURDERER OPNING: Denne store steinblokka har stengd fylkesveg 63 få kilometer frå Lavik, sidan søndag. Måndag skal ein geolog sjå på staden.

Foto: Aslaug Brendsdal
Lavikdalen