Hopp til innhold

Steinblokk stenger fylkesveg

Fylkesveg 616 er stengd ved Endal på strekninga mellom Rugsund og Isane etter at ei stor steinblokk har rasa ned i vegen.

Endal

NRK får opplyst at ein ikkje vil gjere noko vurdering på å opne vegen før det vert lyst. Vegtrafikksentralen sende ut melding om stenginga rett før klokka seks onsdag morgon.

– Vi veit førebels ikkje når vegen kan opnast att, opplyser vegtrafikksentralen til NRK.

Det har også kome ein del snø på kysten, og vegtrafikksentralen har fått melding om vanskelege køyreforhold fleire stader på Vestlandet.