Vegvesenet fekk i 06.30-tida melding om stein i vegbana, og ved nærare ettersyn viste det seg at det var ein del av tunnelveggen som hadde rasa ut i vegbana.
Mannskap skal no ha rydda vekk rasmassen, men ville fjerne litt meir lausmasse i tunnelveggen før dei opna vegen att i 08.30-tida.
– Det har danna seg litt kø, så vi oppmodar folk om å vere tålmodige, seier vaktoperatøren hos Vegmeldingssentralen i Fyllingsdalen.