Hopp til innhold

Naustdalstunnelen opna etter steinsprang

Ein stein raste i 08-tida ned på vegbanen og stengde Naustdalstunnelen på riksveg 5 mellom Førde og Florø.

Stein fall ned i Naustdalstunnelen

60 KILO: Denne steinen stengde riksveg 5 gjennom Naustdalstunnelen i halvanna time i morgonrushet torsdag. Med fartsgrense på 80 km/t kunne steinen gjort store skader om den hadde treft ein bil i fart.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Naustdalstunnelen

VAR STENGD: Vogntog og personbilar stod i kø på begge sider av Naustdalstunnelen på riksveg 5. Her frå Naustdal-sida.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kø på Svarthumle på riksveg 5

PÅ FLORØ-SIDA: Køen hopa seg opp ved tunnelinnslaget på Svarhumle.

Foto: Truls Kleiven
– Vegen vart opna att for trafikk klokka 09.40. Kontraktør har saman med Statens vegvesen vore på staden og vurdert det som trygt, opplyser vaktoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Det som er ein dei tyngst trafikkerte vegane i Sogn og Fjordane vart i morgonrushet torsdag stengd i halvanna time.

– Vi fekk melding klokka 08.12 om at det var falle ned ein stor stein inne i Naustdalstunnelen. Steinen er ca. ein fjerdedels kubikk, og den ligg ca. ein kilometer inne i tunnelen frå Florø-sida, opplyste Molvær til NRK.no like etter at vegen vart stengd.

Måtte køyre via Stavang

Tilrådd omkøyringsveg var då fylkesveg 611 via Vevring og Stavang. Ein omveg på om lag 40 minutt køyretid på smal og svingete veg.

Steinen som kom ned frå tunneltaket er ein god del mindre enn det dei første meldingane kunne tyde på.

– Truleg er det snakk om ein stein på 50–60 kg, seier Molvær.

Vegvesenet kjenner seg trygge på at det ikkje vil komme meir stein frå tunneltaket.

(Artikkelen held fram under videoen)

Det gjekk heldigvis bra då ein stein på 50-60 kilo fall ned frå taket i Naustdalsunnelen.

SJÅ VIDEO: Her blir Naustdalstunnelen klargjort for trafikk etter steinspranget torsdag morgon. (FOTO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

Ikkje kvardagskost

Ifølgje Molvær er det sjeldan at det kjem ned store steinar frå tunneltaket.

– Det hender at det kjem litt småstein frå tunnelveggane på utsida av køyrebanen, men så store steinar er uvanleg.

Etterlyser Ramsdalsheia

Fleire bilistar NRK har snakka med reagerer på at gamlevegen over Ramsdalsheia ikkje vart nytta som omkøyringsveg då Naustdalstunnelen vart stengd.

Kø på riksveg 5

PÅ NAUSTDAL-SIDA: Fleire vogntog venta på å sleppe gjennom Naustdalstunnelen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den smale vegen over Ramsdalsheia frå Naustedalen til Svarthumle er ikkje fysisk stengd, men vegen som no er tatt over av Naustdal kommune er ikkje lenger vedlikehalden for trafikk.

– Vi rår derfor ikkje folk til å køyre over Ramsdalsheia, seier Molvær.

Stenginga av tunnelen skjedde berre to veker etter at riksveg 5 var stengd grunna steinras ved Leversund lenger aust mot Florø. Då tok det 19 timar før vegen opna.