Hopp til innhold

Steffen (16) har skuledagen sin på sjøen – og håpar fleire vil velje som han

16-åringen Steffen Brandsøy frå Florø har allereie teke valet om eit liv til sjøs. Han har kvardagen sin om bord på skuleskipet M/S Gann.

Created by InfoDispatcher

ANNLEIS: Skuledagen til Steffen Brandsøy er litt annleis enn for mange andre. Foto: Eli Eikenæs Vengen

– Eg hadde høyrt mykje om at det var bra. Pappa lurte på om eg kunne tenkje meg det, og då tenkte eg at eg kunne no søkje. Så her er eg, seier Brandsøy.

Det gamle hurtigruteskipet Narvik er no skuleskipet M/S Gann. I maskinrommet i botn på den gamle travaren brukar Brandsøy mange timar om dagen.

Der held han eit vake auga med haugevis av bråkande maskiner og knottar av alle slag. 16-åringen stortrivst på skuleskipet, og har ikkje angra på skulevalet sitt. Han er allereie i gang med andre året sitt om bord.

Er klar for eit liv på sjøen

Samanlikna med skulekvardagen til jamaldringar som går på vidaregåande skule på land, er livet på skulebåten litt annleis.

Brandsøy har eigen lugar, og naturleg nok vert det eit samansveisa miljø når ein bur og går på skule på eit skip.

Når han er ferdig med andre året på skuleskipet kan ha gå ut i to år som lærling.

– Så tenkjer eg å gå på fagskule. Då er eg ferdig maskinist, seier Brandsøy.

Han er klar på at han har valt ein yrkesveg som han trur han vil trivast med.

– Då er eg klar til å jobbe på sjøen, seier Brandsøy.

Men sjølv om han trivst på sjøen, innrømmer han at dei første vekene om bord var slitsame.

– Eg var kvalm, men eg spydde ikkje. Men no er det ingen problem, seier Brandsøy.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steffen Brandsøy i maskinrommet

TRIVST: - Eg har ikkje angra ein dag, seier Steffen Brandsøy.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Har aldri angra på valet

Desse vekene er skuleskipet på rekrutteringstokt lands heile Vestlands-kysten. I dag var skipet i Florø, og det skal mellom anna vitje både Leirvik, Bergen og Måløy får dei dreg vidare nordover.

Målet er å rekruttere fleire ungdommar til maritim utdanning ved å invitere dei om bord på skuleskipet og gje dei innblikk i kva utdanning dette er.
Toktet vert arrangert i samarbeid med maritimt opplæringskontor.

Brandsøy er klar i si tilråding.

– Eg har aldri angra. Det er berre å søkje for det er ein fantastisk skule, seier Brandsøy.

Viktig for rekrutteringa

Tore Lending er assisterande rektor på skuleskipet. Han trur det er viktig at ungdommar får komme om bord og sjå kva undervisning dei har å tilby.

– Det er viktig for å få rekruttering både til oss, men også til heile næringa. Ungdommar må få innblikk i korleis det er å gå på eit skuleskip og ein idé om kva jobbar som finst, seier Lending.

Han meiner det er mange gode grunnar til å velje ei maritim utdanning.

– Først og fremst fordi det er veldig kjekt. Det er utfordrande og variert, og ein har moglegheiter både i innlandet og i utlandet, seier Lending.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tore Lending og Geir Fridtjov Foldøy

TRENG FLEIRE: Assisterande rektor Tore Lending (t.v.) og opplæringssjef Geir Fridtjov Foldøy om bord på skuleskipet MS Gann vil ha fleire til å velje maritim utdanning.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Får godt innblikk i alt om bord

Opplæringssjef Geir Fridtjov Foldøy meiner elevane som vitjar skuleskipet får eit godt innblikk i kva ein driv med om bord.

– Dei elevane som kjem om bord får eit innblikk i kva det vil seie å vere sjømann, kva som finst av tilbod dersom ein vil ta utdanning og verte sjømann. Det er det som er tanken bak skuleskipet Gann, seier Foldøy.

For sjølv om utdanninga også finst på land, er det ei fin moglegheit til å syne elevane kva det handlar om.

– Ikkje minst får dei treffe elevar som allereie går her og høyre direkte frå dei kva dei meiner. Ungdom snakkar godt med ungdom, seier Foldøy.

Han understrekar at målet med toktet ikkje er å gjere alle ungdommar til sjøfolk, men gjere dei merksame på dei moglegheitene som finst. I alt skal 1.400 elevar innom skipet på besøk.

– Alle skal få så god informasjon at dei kan gjere eit godt, reelt val. Vi håpar at 200–300 vil søkje på maritim skule, seier Foldøy.

(Artikkelen held fram under biletet)

Blir godt tekne vare på

FLOTT: Skuleskipet Gann var tidlegare hurtigruteskipet Narvik. I messa er det skikkeleg oppdekking til måltida.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Fleire fekk meirsmak av ein tur om bord

I dag var elevar frå Florø vidaregåande skule og Askvoll ungdomsskule på besøk på skuleskipet. Ein av dei, Kristian Herland (15) frå Herland, tykte det var spennande å vere om bord.

– Det er kjekt å sjå korleis ein kan gå etter ungdomsskulen og sjå på dei maritime linjene, seier Herland, som allereie har komme fram til at han godt kan tenkje seg å gå den vegen.

– Eg tykkjer det er flott å gå på eit skuleskip for då får ein meir praktisk erfaring, seier Herland.

Han kan godt tenkje seg å utdanne seg som kaptein.

– Eg har lyst til å bli maritim ingeniør. Det tek vel ni år, seier Herland.

Umberto Iversen har derimot tenkt å bli matros, og det har ei heilt naturleg forklaring.

– Eg har ein bror som nett har teke fagbrev og har fortalt meg mykje om det. Det verkar interessant, seier Iversen.

Mathias Herland kunne godt tenkje seg å bli maskinist, viss han skulle velje ein maritim veg å gå.

– Eg likar å arbeide med motorar og slikt, seier Herland.