Hopp til innhold

Statsministeren kjem til flaumråka Aurland

Statsminister Erna Solberg vil sjølv sjå skadane etter flaumen i Aurland. Det skal ha blitt bestemt torsdag kveld.

Erna Solberg

KJEM TIL AURLAND: Naturkreftene som har vore i sving i Aurland vil Statsministeren sjølv sjå. Laurdag er ho venta til Aurland.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Statsminister Erna Solberg vil sjølv reise til flaumråka Aurland for å sjå skadane etter flaumen dei siste dagane.

Etter det NRK.no kjenner til er besøket frå Statsministeren planlagt laurdag.

Sjølv vil ikkje statsministeren stadfeste at ho kjem til Aurland.

– Eg ser på mogelegheitene for å få til ei reise. Men vi må sjå om det praktisk lar seg gjere, seier Erna Solberg til NRK.

– Eg trur heile det norske samfunn følgjer med på det som skjer. Det har vore nokre forferdelege bilete vi har sett. Vi skal vere med og stille opp for gjennoppbygginga av Odda, Flåm, Voss og Lærdal i framtida, seier Solberg.

Vil ikkje kommentere

Ordførar i Aurland, Noralv Distad, ønskjer ikkje å kommentere planane om eit statsministerbesøk.

– Eg ønskjer berre å seie at Statsminister Erna Solberg er alltid velkommen til Aurland.

13 bustadar er totalt øydelagde i Flåm. Førebels har 35 personar fått mellombels bustad. 15 personar har behov for bustad på lang sikt, opplyser Aurland kommune i ei pressemelding torsdag kveld.

Ikkje til Lærdal

Ordføraren i Lærdal har ikkje fått noko varsel om at stasministeren skal komme.

– Nei, men eg skal gi beskjed viss ho kjem, seier Jan Geir Solheim i Lærdal.

Etter det NRK kjenner til skal vêrmeldingane vere så usikre med tanke på besøket at det skal vere grunnen til at ingen vil kommentere besøket.

Det er meldt store nedbørsmengder på laurdag, og etter det NRK kjenner til er det ein føresetnad for besøket at det er flyvêr.