Hopp til innhold

Verdsarvturistar skal stoppast med spørsmål

Informasjon frå nesten 4000 turistar skal hindre øydelegging av fjordlandskapet på UNESCO si verdsarvliste.

Cruiseskip i Flåm

TURSISTAR SKAL GI SVAR: Turistar som ventar på transport skal gje ny, unik kunnskap om turistar i verdsarva.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

I sommar blir eit omfattande kartleggingsarbeid starta for å kartlegge korleis verdiane i verdsarvområda som står på UNESCO si versdarvliste skal forvaltast.

– Det skal samlast inn 3360 skjema med informasjon, særleg frå turistar i ferjekø eller andre plassar turistane ventar, seier prosjektleiar for Nærøyfjorden verdsarvpark, Hanne Lykkja.

Skal finne ut «alt» om turistane

Målet med prosjektet er å sikre ei berekraftig utvikling for både natur og miljø, lokalsamfunn og næringsliv i verdsarvområda i Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet.

Erfaringar UNESCO har gjort syner at turistane ofte er ein trussel mot verdsarva. Samstundes er turismen ein viktig næringsveg i verdsarva. No skal ein bli betre på å finne balansen mellom dei.

Heilt konkret skal ventande turistar stoppast i hopetal for å svare på spørsmål.

– Vi treng å vite meir om kva folk som kjem hit, kva dei ønskjer å oppleve, kvar dei reiser og kva dei gjer i dei ulike områda. Vi kjem til også å spørje kvar dei brukar pengar slik at vi får vite meir om kva slags turistar som legg att pengar kvar.

Turister i Geiranger

MEDAN DEI VENTAR: Turistane i verdsarvområdet i Flåm og Geiranger må bu seg på at ventetid blir fylt med å svare på spørsmål.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Ein del turistar vil bli følde opp, og vil få spørsmål etter heimreise om turen og opplevingane sine i verdsarvområda. Ikkje minst kva som skal til for at dei kjem tilbake. Svara vil gje prosjektet verdifull informasjon og kjennskap til turistane sine reisevaner.

– Då får vi data om reiselivet og verdiskaping på stadnivå. Det har vi aldri hatt før, seier Lykkja.

Sikrar kunnskapsbaserte val

Ut frå dette skal både reiselivet og dei som driv næringsliv i turistområdet tileigne seg verdifull kunnskap i valg dei gjer vidare.

– På denne måten gir vi folk ei mogelegheit til å gjere val som er kunnskapsbaserte. Då blir det opp til lokale myndigheiter til å velgje meir ut frå kva slags turisme som lønner seg ut frå lokalsamfunnet, næringa og natur og miljø. På denne måten gjere val ut frå kva som passar seg best i dei bestemte områda, seier Lykkja.

Arbeidet starta opp i Geirangerområdet 10.juni. I juli skal området i Nærøyfjorden under lupa.