Hopp til innhold

Storstilt leiteaksjon i Vik etter sakna kvinne

VIK (NRK): Store leitemannskap har i dag søkt utan hell etter kvinna i 40-åra frå Hordaland som vart meldt sakna tidlegare i ettermiddag.

Eit Seaking-helikopter har blitt sett inn i søket etter kvinna som er meldt sakna i Vik.

LEITAR FRÅ LUFTA: Eit Seaking-helikopter har blitt sett inn i søket etter den sakna kvinna. Minst 40 personar er no med i leiteaksjonen.

Kvinna vart sist sett ved ein utestad i Vik sentrum kring klokka 0200 natt til laurdag. Ho hadde på seg grå jakke og grå bukse, opplyser politiet.

Dykkarar leitar i fjorden etter sakna kvinne

TRUDDE DEI HADDE GJORT FUNN: Ein båt med dykkarar har nettopp gjort ferdig eit søk på bukta etter at Seakingen meinte å sett noko i fjorden.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Den omfattande leiteaksjonen i Vik vart starta av politiet og Raude Kors klokka to i dag føremiddag. Då hadde frivillige leita sidan klokka var ti.

– Vi har søkjer no over eit større område. Vi byrja i nærområda og utvidar sirkelen etter kvart som vi ikkje finn noko, seier Bengt Ness ved operasjonssentralen i Florø.

Her vart ho sist sett

SISTE SPOR: Kvinna vart sist sett på utestaden Dampen i Vik sentrum klokka to i natt.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Starta søket i sentrum

Dykkarar frå Sogndal Raude Kors

STARTAR SØK I ELVA: Dykkarar frå Sogndal Raude Kors gjer seg klare til å starte søk i Vikjaelva.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kvinna vart meldt sakna av mannen. Begge kjem frå Hordaland og budde på ein campingplass i Vik medan dei var på gjennomreise.

– Då mannen kom tilbake der dei budde, var ikkje kona der. Han hadde søkt litt sjølv, før han melde ifrå om at ho var sakna på ettermiddagen, sa Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt tidlegare i dag.

Politiet hadde då spurt folk som har vore ute i Vik natt om dei veit kvar ho kan vere, utan å få nokon gode svar.

– No vil vi starte søket i sentrum der ho sist vart sett.

Startar leiteaksjon i Vik

STARTAR SØK: Klokka to i dag vart det starta ein omfattande leiteaksjon i Vik sentrum med politi, Raude Kors og andre frivillige.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Har trappa opp leitinga

Leitemannskapa starta søket i Vikøyri, som er området rundt uteplassen kvinna sist vart sett. Vikøyri er eit gamalt strandsitjarmiljø med små hus og tronge gater.

Politiet utvida etter kvart søket til å gjelde eit større område.

Tre spesialdykkarar frå Sogndal Raude Kors har undersøkt kulpane i elva Vikja. Ein båt med dykkarar vart òg sendt ut for å leite på fjorden. Eit Seaking-helikopter har tråla Vikjabukti med varmesøkjande kamera.

Politi leitar i Vik

LEITAR OVERALT: Politiet og resten av leitemannskapa har saumfare hagar, dokkestover og alle tenkjelege plassar etter kvinna.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Alle fangane som er på open soning i Vik fengsel var med i leitinga. I tillegg har Norsk Folkehjelp saumfart store delar av sentrum med hundar.

Søket er no avslutta for kvelden.

Laster Twitter-innhold
Vik

MELDT SAKNA: Kvinna, som er frå Hordaland og på gjennomreise i Vik, vart meldt sakna av mannen i ettermiddag.

Foto: Bjørn Sæbø