Hopp til innhold

Fjord2 tek over for Fjord1

Det nystarta reiarlaget Fjord2 tek over turistferjeruta mellom Kaupanger og Gudvangen.

MF Skånevik

NY RUTE: MF 'Skånevik' skal inn på nok ei strekning, denne gongen som del av den nye turiststrekninga Fjord2 skal operere.

Foto: C. Hill

Protestane var heftige då det vart kjent at Fjord1 legg ned den tradisjonsrike ferjeturen. No har Vesterland feriepark på Kaupanger og Lindstrøm hotell i Lærdal gått saman i det nye selskapet Fjord2. Namnet er ikkje eit stikk til Fjord1, skal vi trur dei involverte.

– Ikkje i det heile teke. Vi synest det er trist at Fjord1 legg ned, men dei ser ikkje forretning i dette. Fjord1 er eit knakande godt namn, og vi har vald det nest beste som folk vil hugse, seier Arne Glenn Flåten, eigar og dagleg leiar av Vesterland feriepark

– Vi skal få det til å gå rundt

Første tur går 1. juni klokka 09.00, og kapasiteten er 21 personbilar og 147 passasjerar. Fjord1 gjekk med to ferjer, men Fjord2 har førebels berre funne MF «Skånevik» som er eigna for ruta.

– Ho er veldig fin og god, men litt for lita. Men vi får byrje så godt vi kan og sjå kva vi får til denne sesongen, og så får vi vurdere ei større eller to ferjer neste år. Vi har tenkt til å la bussane køyre rundt, seier Flåten.

– Fjord1 såg ikkje ruta som god nok butikk? Reknar de med å tene pengar eller er det rett og slett goodwill?

Arne Glenn Flåten

I FERJEBRANSJEN: Glenn Arne Flåten

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi tykkjer reiselivet har eit samfunnsansvar. Eg trur likevel ikkje vi kjem til å tape pengar. Vi har ein heilt annan administrasjon enn Fjord1. Med slank administrasjon og ei effektiv drift trur eg vi skal få dette til å gå rundt.

Satsar på meir oppleving

Flåten vil ikkje seie kor mykje pengar dei har gått inn med, men seier dei er trygge på å kome gjennom sesongen utan likviditetsproblem.

Han seier mange turoperatørar har meld seg og vil bestille allereie.

– Vi ser på det som kanskje den beste turistattraksjonen vi har i indre Sogn. Vi har gjort nokre taktiske grep. Avgangane går 09, 12, 15 og 18, og vi køyrer inn under fjellet Bleia, og vi ønskjer å stogge ved Dyrdal og Styvi dersom gjester skal av og på. Dette er ikkje den raskaste vegen å krysse Sognefjorden, men den finaste.