Hopp til innhold

Startar nytt søk etter Ørjan (27)

Høyanger Dykkarklubb vil saman med pårørande i dag ta opp att søket etter den sakna Ørjan Brattebø.

Knut Helge Sandvik og Ingvar Myklebust

LEITAR I FJORDEN: Dykkarane Knut Helge Sandvik og Ingvar Myklebust skal dykke i fjorden i dag. Også Thord Are Stølen er med på turen.

Foto: Privat

– Vi har blitt kontakta av familien og vi stiller sjølvsagt opp, seier Knut Helge Sandvik som er leiar i dykkarklubben.

Den sakna mannen fall over bord frå ein fritidsbåt vest for Vik tysdag kveld. 27-åringen har truleg falle ut av båten mellom Arnafjord og Finnafjord. Den offisielle leiteaksjonen vart avslutta torsdag.

Ulukka vart først meld onsdag ettermiddag då båtføraren, også han ein mann i slutten av 20-åra, kom til land i Vik. Brattebø var busett i Vik, men var opphavleg frå Høyanger.

Vanskelege forhold

Leiaren i dykkarkluben seier dei sjølvsagt stiller opp gratis.

– Familien vil prøve alt og har også kontakta synske folk. I slike situasjonar vi brukar alle midlar og i dag prøver vi å søke utanfor Lånefjorden mot Måren, seier Sandvik.

Han seier dei er tre personar frå klubben, i tillegg skal nokre frå familien vere med.

– Vi er to dykkarar og skal bruke to båtar. Vi kjem til å halde på så lenge vi kan utover dagen. Men det er vanskelege leiteforhold, for det er mykje straum i fjorden i dag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leiteaksjon etter sakna mann i Sognefjorden.

LEITEAKSJON: Dette biletet er frå leiteaksjonen i Sognefjorden torsdag. I dag startar dykkarklubben i Høyanger eit privat søk.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tung tid

Hendinga den siste veka har skaka heile Høyanger-samfunnet.

– Dette er heilt forferdeleg, eg trur kvar person slit med dette. Alle her visste kven Ørjan var. Eg har kjent han sidan han var liten, så dette er skikkeleg trist, seier han.

Starta innsamling til søk med KNM Tyr

Astrid Refsdahl Henden

HÅPER FOLK VI GI: Astrid Refsdahl Henden har oppretta eit minnefond for å samle inn pengar.

Foto: Privat

I går starta Høyanger-kvinna Astrid Refsdahl Henden innsamlingsaksjon for å få til nye søk i privat regi.

Ho ønskjer å samle inn nok pengar slik at spesialfartøyet KNM Tyr kan brukast får å søkje etter den sakna mannen.

– Det er forferdeleg å miste sonen sin og dersom han ikkje blir funnen, har familien ingen grav å gå til. Det er veldig trist, sa ho til NRK.no fredag.

Ørjan Brattebø Minnefond har kontonummer 3705 21 69519.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.