Hopp til innhold

Startar arbeidet med å erstatte brua med veg

Nesten tre år etter at den flaumstore elva reiv med seg den gamle brua, skal bygdefolket ved Blakset i Stryn få ny veg i staden for bru.

Steindøla bru - mellombels

MELLOMBELS BRU: Slik ser den mellombels brua over Steindøla ut. Snart blir ho byta ut med ein permanent veg med røyr under.

Foto: Statens vegvesen

– Då skal vegen igjen vere trygg og god. Vi håpar jo at den nye løysinga skal bli betre enn den som er der no, smiler byggjeleiar Øystein Heimsæter i Statens vegvesen.

I juli 2011 gjekk elva Steindøla over sine breidder og reiv med seg ei bru og 40 meter av vegen. I løpet av 12 timar blei det sett nedbørsrekord på 80 mm i Stryn.

Dei store nedbørsmengdene førte til flaumstore vassdrag og stengde vegar. Verst råka uvêret bygdene Blakset i Stryn og Lote i Eid, der til saman 43 personar vart evakuerte etter at delar av fylkesveg 613 og Steindøla bru vart vaska vekk.

Lagar ny støttemur til vegen

I april startar arbeidet med å byggje opp att vegen ved Blakset. I samband med arbeidet blir vegen heilt stengd i om lag 12 dagar i månadsskiftet juni-juli.

Tysdag signerte HS Bygg og Statens vegvesen kontrakt om bygginga av det aktuelle partiet på Panoramavegen.

Entreprenørfirmaet skal mellom anna støype ny støttemur for vegen. Dette kan gi redusert framkomst mellom klokka 09.00 til 14.00.

– Det skal inn nokre kraftige røyr, som skal ta unna smeltevatn og slikt. Elles blir det fylt opp og asfaltert vanleg veg, seier Heimsæter.

– Det er komplisert betongarbeid

Frå 20. juni til og med 2. juli vil vegen bli fullstendig stengt, skriv Vegvesenet i ei pressemelding. Omkøyring blir då via riksveg 15 om Kjøs.

Heile prosjektet har eit kostnadsramme på tre millionar kroner.

– Er det snakk om eit stort arbeid?

– Stort og stort. Det er litt komplisert betongarbeid. Dessutan må vi førebu veggen før vi fjernar den mellombelse brua. Vi vil ha ho der så lenge som mogleg, slik at stengingsperioden blir kortast mogleg, seier Heimsæter.

Brua blir erstatta av ein veg

Elva Steinsdøla gjekk opphavleg i to løp, men i etterkant av flaumen har det blitt gjort tiltak for å leie vatnet vekk frå elveløpet der brua forsvann, og over i det andre. Dette elveløpet har også blitt sprengt djupare for kunne å tole større mengder vatn.

Det er difor ikkje mykje vassføring i elveløpet der brua vart tatt av flaum. Den mellombelse brua skal no demonterast og fjernast, og det skal i staden byggast opp ein veg.

Vegen skal likevel sikrast for framtidige flaumar, ved at to store rør vert lagt gjennom vegen for å ta unna vatnet som måtte kome under snøsmeltinga.