Hopp til innhold

Starta søk etter sakna 63-åring

Ein ubåt vart fredag morgon sett inn i søket etter ein sakna 63-åring i Florabassenget.

Søkjer med miniubåt etter sakna mann utanfor Florø

LEITEAKSJON: Fredag morgon starta søket etter den sakna mannen opp att med miniubåt i Florabassenget.

Foto: Truls Kleiven

«Sea Worker» kom fredag morgon til Flora og var i 09-tida i gang med søket etter den sakna med ein miniubåt.

Stand-byskipet til Gjøa, «Ocean Alden», søkte tidlegare i veka med ein ROV . Medan den er best eigna til å søkje langs land, har «Sea Worker» med seg ein ubåttype som er betre eigna til å søkje i sjøen.

– Søket er starta opp att i det området vi ser som mest aktuelt, området nord for Botnaneset, fortel operasjonsleiar Svein Røed hos Sogn og Fjordane Politidistrikt.

Mannen vart meld sakna måndag morgon etter at han fall i sjøen frå ein fritidsbåt , truleg medan han urinerte.

Store leitemannskap har søkt både på land og sjøen etter mannen .