Hopp til innhold

Starta sin første kamp på 643 dagar

– Dette har eg venta lenge på, seier Tonny Brochmann etter kampen mot Viking. Dansken starta sin første kamp sidan november 2012 og scora sitt første mål på over to år då Sogndal tapte 2–4.

Tonny Brochmann

TILBAKE: Tonny Brochmann var tilbake frå start då Sogndal møtte Viking laurdag. Diverre enda det med tomålstap.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Tonny Brochmann var skadd heile fjorårssesongen, og har denne sesongen måtte innfinne seg med ein plass på benken.

Mot Bodø/Glimt sist vart det innhopp like før full tid. Mot Viking var han tilbake i startoppstillinga.

– Eg har venta lenge på det, og føler vel eg burde fått sjansen før. No er det å jobbe vidare og håpe på å få starte neste kamp også, seier 25-åringen.

– Eg er tilbake

For å toppe comebacket i startoppstillinga, såg dansken lenge ut til å bli matchvinnar. Åtte minuttar før pause dundra han Sogndal i føringa frå kloss hald.

Laster innhold, vennligst vent..

Etter kvilen rakna det for Sogndal, og heimelaget snudde 1–2 til 4–2.

– Det var herleg å få score igjen, men det hadde smakt betre om eg vart matchvinnar. Men det viser at eg er tilbake, seier han.

– No er det å jobbe vidare å syte for at eg også startar neste kamp, seier den danske midtbaneteknikaren.

(Artikkelen held fram under videoen)

Tonny Brochmann om kampen mot Viking

INTERJVU: Tonny Brochmann blir intervjua etter kampen mot Viking.

– Han har vore ute med ein alvorleg ryggskade, og har trena seg inn att i treningskvardagen og kampkvardagen. No meinte eg tida var inne, seier trenar Jonas Olsson.

– Minst like gode som Viking

Sogndal var det beste laget i store delar av kampen. Men som så mange gonger før, lukkast dei ikkje fullt ut i oljebyen.

– Det er alltid skuffande å tape, men vi leier til pause og slepper inn tre mål etter i andre omgang. Vi skulle gjerne hatt dei tre poenga, seier Brochmann og legg til:

– Eg tykte vi var minst like gode som Viking, og fortente i alle fall eitt poeng. Men når Viking scorar på alle sjansane, så blir det vanskeleg, seier han.

Rasande trenar

Jonas Olsson

FORBANNA: Jonas Olsson var lite nådig mot dei svartkledde etter oppgjeret mot Viking.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Trenar Olsson var minst like bitter etter ein kamp Sogndal hadde godt grep om.

Svensken reagerer spesielt på måten Viking fekk gå opp i 3–2. Heimelaget får frispark som dei tek medan ballen rullar.

– Det er ikkje lov. Ballen skal jo ligge stille. Eg forstår ikkje at fjerdedommaren ikkje seier noko, og no er det forbanna mange bortekampar dette skjer. Det er små irriterande ting, men dei skjer fordi det er ein liten klubb som Sogndal, rasar han.

– Synd i spelarane

Trenaren har også tidlegare kommentert dommaravgjerder. Mest utslagsgjevande vart det då Rosenborgs Mike Jensen fekk eit tilsynelatande billig straffespark som sikra trønderane tre poeng.

– Vi har ikkje fått straffe i år, men skulle hatt eitt par. Hadde det vore Strømsgodset, Rosenborg eller andre, så hadde det blitt store medieoppslag. Når det er Sogndal, så skriv ein ingenting. Det er kjedeleg, seier Olsson.

– Eg tykkjer veldig synd i spelarane, legg han til.

Vil snu skuta

Med sin sjuande kamp på rad utan siger, er Sogndal i skrivande stund på kvalifiseringsplass ettersom Aalesund ser ut til å vinne sin kamp mot Haugesund.

Brann er under streken med ein kamp mindre spelt, og fem poeng mindre enn Sogndal sine 20. Olsson er trygg på at Sogndal vil snu skuta.

– Det er tett, men vi ser ikkje på tabellen. Vi får prestere betre over 90 minuttar så vil vi ta poeng så vi spelar tippeliga neste år også, avsluttar han.

Laster innhold, vennligst vent..