Hopp til innhold

Starta livet med ein liten redningsaksjon ...

Bonden takkar barnehagen for at dei fann den nyfødde kalven som låg godt gøymd i skogen.

kalv støfringsdal vassenden

FAST TAK: I svært tidleg alder fekk kalven oppleve ein redningsaksjon på nært hald. Bonden sin far, Odd Støfringsdal held kalven godt fast så den ikkje skal forsvinne for han.

Foto: Bård Støfringsdal

Historia frå Støfringsdal på Vassenden i Jølster starta eigentleg eit par veker tilbake.

Bård Støfringsdal og familien har sidan då leitt etter to kviger som hadde reist frå resten av flokken i skogen. Det nærma seg kalving, og det var viktig å få dei heim, men kvigene var og blei vekke.

Barnehagen blei redninga

kalv støfringsdal vassenden

GODT GØYMD: Kalven var godt gøymd under ei gran, men Odd Støfringsdal, far til bonden, klarte å få tak i den.

Foto: Bård Støfringsdal

Men så, medan far og kona til Støfringsdal var i skogen og leitte fredag, fekk bonden besøk på døra.

– Då kom det ein frå barnehagen og kunne fortelje at dei hadde sett ein kalv oppe i skogsvegen då dei hadde vore på tur. Kalven hadde lege i utkanten av ei myr, fortel Støfringsdal.

Langhaugane barnehage pleier å gå på tur i dette området, og denne gongen var det skikkeleg flaks for bonden. Saman med familien reiste Støfringsdal til skogs. Då låg kalven godt gøymd under ei gran.

– Hadde det ikkje vore for tipset frå barnehagen og at dei hadde hatt augo med seg, så hadde vi nok aldri funne den kalven, for den var ikkje mogleg å sjå før ein vart heilt innpå, fortel bonden.

Redningsaksjon i skogen

kalv støfringsdal vassenden

IKKJE HEILT TRYGG: Kalven er ikkje heilt trygg på Odd Støfringsdal. Bak han følgjer barnebarn Eirin (9) spent med.

Foto: Bård Støfringsdal

Trass i funnet kunne dei ikkje ta kalven heim med det same. Kalven var åleine, og verken mora eller andre dyr var å sjå i nærleiken. Då mora ikkje dukka opp etter nokre timar valde dei å få kalven ned før mørket fall på.

– Så då var det opp med traktor og skuffe og få tak i han, halde han godt fast og frakte han nedover, seier han.

Redningsaksjonen vart til alt hell ikkje så vanskeleg som den kunne blitt, for denne kalven var ikkje vand med å sjå menneske på sitt korte liv. Difor måtte dei vere forsiktige.

– Då var det for far min å legge seg innunder grana og ake seg fram til han, lokke på han og vere forsiktig så han klarte å få eit fast grep på han.

Så kom kvigene også

kalv støfringsdal vassenden

MATING: Eirin (9) sørgar for at den vesle kalven får mat etter å ha budd i skogen dei første dagane av livet. Kalven fanga fort interesse for ho også.

Foto: Bård Støfringsdal

Støfringsdal veit ikkje akkurat kor gammal kalven er, men tippar han hadde vore i skogen eitt par-tre dagar før dei fann den.

– Han var ved bra mot sjølv om det nok var ei stund sidan han hadde fått mat, seier han.

Vel heime var det rett i frysen for å finne råmjølk til den vesle tassen, men historia sluttar ikkje der. Dagen etter kom nemleg dei to rømlingane, kvigene, også heim att, og mor og kalv er saman igjen.

– Om dei fann ut at det var på tide å komme seg ned igjen til kalven, eller om det var tilfeldig, det er ikkje godt å seie, men det kan godt vere at dei har kome etter oss for å finne ut kva som hadde skjedd med kalven.