Hopp til innhold

- Endeleg min tur! Knuste familierekordane

For 20-åringen Lars Oftedal Bjørum, som er femte generasjons laksefiskar i Lærdalselvi, vart natta historisk. – Yes, tenkte eg, endeleg var det min tur! Han håpar på fleire storfiskar i elva.

Lars Oftedal Bjørum

LANDA FEIT LAKS: 20-åringen Lars Oftedal Bjørum fekk has på ein laks på 17 kg då laksefisket opna i Lærdalselvi. - Eg kan seie at eg er glad i svart og raudt, men meir vil han ikkje røpe om fluga han brukte for å laksen på kroken. Fisken vart umiddelbart sett ut i observasjonshølen i Villakssenteret.

Foto: Privat

– Eg har aldri vore i nærleiken av å få ein så stor laks! Det her var verkeleg kult! Spesielt gøy var det å slå alle familierekordar.

20-åringen har vakse opp ved Lærdalselvi og laksefisket, og er femte generasjons laksefiskarar i Bjørum-familien. Då laksefisket opna natt til 10. juni i Lærdalselvi kunne han etter mange år på sidelinja endeleg dra i land familiens største laks.

Forstod ikkje kor stor laksen var

– Eg trudde ikkje laksen var så stor for den slapp seg nedover i elva, men etter kvart som eg drog han mot land forstod eg at han ikkje hadde planer om å bli landa, seier Oftedal Bjørum.

Han såg berre ryggen på laksen før kleppar Rolf Bjørum fekk has på fisken og frakta den til Villakssenteret.

– Der fekk eg æra av å sette fisken ut i observasjonshølen. Det var først då eg forstod og såg kor stor og feit fisken eigentleg var. Det var eit emosjonelt augneblink, seier 20-åringen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Erik Haakonsholm

FEKK FØRSTE FISK: Eirik Haakonsholm fekk landa den første fisken i Lærdalselvi i natt på 14,5 kg.

Foto: Lars Oftedal Bjørum

Sterke kjensler

Laksefiske vekkjer sterke kjensler hos mange som står timevis i elva for å lande ein storfisk. For møtet med den historiske og legendariske elva kan vere svært sterkt, spesielt når laksen hoggar til.

– Eg hadde høg puls og var så audmjuk at tårene rann då eg fekk han på land, det var overveldande, seier laksefiskar Mark Brooks.

Berre ein halvtime over midnatt fekk Brooks ein storfisk på 12,8 kilo og 101 centimeter.

– Dette var ein flott laks, faktisk den beste eg nokonsinne har fiska. Eg fekk den eit kvarter etter at eg starta. Etter ein god kamp, fekk eg den i land. Etter den var målt og vege, blei den sett ut igjen, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mark Brooks

STORLAKS: Mark Brooks i Lærdal landa ein laks på 12,8 kilo kort tid etter at laksefisket starta i Lærdalselvi.

Foto: Privat

Stor forventningar

I fjor opna leva for laksefiske for første gong på 17 år. Elva har vore stengt for fritidsfiskarar etter at den dødelege lakseparasitten Gyrodaktylus salaris blei oppdaga. Elva har blitt kalla dronninga av lakseelvar og kong Harald var mellom dei ivrige fiskarane før gyroen blei oppdaga.

Før årets sesong har fiskarane drive med elverydding og budd seg til årets høgdepunkt. Mark Brooks fortel om store forventningar.

– Lærdalselva har vore stengd i 17 år og vi har slite med gyroen. Det er gjort ein enorm jobb for å få elva opp og gå. Spenninga var utruleg høg i natt og eg såg mange folk både oppe og nede i elva, seier han.

Set ut fisken att

Oppsummeringa etter fisket i fjor viste kring 900 laks med ei snittvekt på åtte kilo. Brooks håper på fleire større laksar i år.

– Vi har store forventingar til Lærdalselvi i år. I fjor var det mykje mellomstor laks. Difor ventar vi storlaks i år.

Men sjølv om han hadde hellet med seg i natt, blir ikkje laksen middag.

– Nei, laksen blir sleppt ut att. Eg gir beskjed til alle gjestene som fiskar her om at så lenge fisken ikkje blør, skal den setjast tilbake i elva.

Fanga totalt 300 kg

Under opninga av laksefisket i Lærdalselvi er det registrert fangst på rundt 300 kg. Rolf Bjørum samlar og har oversikt over fiskedata.

– Det er rapportert om fangst frå heile strekninga av elva. Totalt vart det tatt 28 laks under opninga.

Fire laks er frakta til observasjonshølen i Villakssenteret slik at folk kan sjå den flotte lærdalslaksen. Dei vil bli brukt til stamfisk til hausten.

– Forholda har vore perfekte. Passe lys, vatn og varme, seier Bjørum.

Om kong Harald kjem til å komme og fiske i Lærdalselvi i år og, vil han ikkje kommentere.

– Men han blir nok litt freista når han sit heime og ser fangsten som er landa, humrar Bjørum.