Hopp til innhold

Står utan spor i forsvinningssaka i Vik

VIK (NRK): Politiet veit førebels ingenting om kva som kan ha skjedd med den 46 år gamle Marita Sælen frå Os som har vore sakna frå Vik i Sogn sidan natt til laurdag.

Stein Helge Selland og Ove Andersen

BER FOLK MELDE SEG: Innsatsleiar Stein Helge Selland (t.h) ber alle om kan ha sett noko i Vik natt til laurdag om å kontakte politiet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi går heilt breitt ut, det er vi nøydd til. Vi har ingen haldepunkt i nokon som helst retning. Dersom folk har opplysningar, observasjonar eller ting dei har høyrd i løpet av natt til laurdag, så må dei ta kontakt med politiet, seier politiet sin innsatsleiar, Stein Helge Selland til NRK seint søndag kveld.

Gjennom helga har mange frivillige og hjelpemannskap vore med og leita etter kvinna, og Selland takkar dei som har stått på i leitinga. Måndag startar dei opp att med nye søk i fjorden og lenger inn i bygda i Vik.

– Eg må berre berømme den innsatsen dei legg til grunn. Det er då eg som innsatsleiar kan føle meg trygg på at dei oppgåvene dei blir sett til, blir gjennomført på ein profesjonell og god måte, slår Selland fast.

Etterlyst via Facebook

– Vi har snakka med familien som saman har blitt einige om å gå med ei etterlysing på Facebook. Vi kan stadfeste at den sakna er Marita Sælen på 46 år frå Søfteland, seier innsatsleiar Stein Helge Selland til Bergens Tidende.

Selland stadfestar til NRK at det er denne kvinna dei no leitar etter.

Etterlysinga har i løpet av søndag blitt spreidd fleire hundre gonger på den sosiale nettstaden, og mange har engasjert seg i arbeidet med å få klarlagt kva som har skjedd med den sakna kvinna.

Marita Sælen sakna i Vik

SAKNA: Dykkarar har søndag leita grundig i elv og sjø etter den sakna 46-åringen Marita Sælen frå Os.

Foto: NRK / familien

Var på pub med vener

Sælen blei meld sakna frå Dampen pub i Vik sentrum natt til laurdag, og leitemannskap har i løpet av helga leita både i elva, sjøen og på land.

– Vi kjem til å søka vidare til det blir mørkt, men vi har gjort svært grundige søk på heile Vikøyri og langt oppover i bygda, seier innsatsleiar Stein Helge Selland til NRK.

Han legg vekt på at dei også har leita nedover elva og langs strendene heile vegen frå Vik til Vangsnes, og innover mot Arnafjorden.

– Vi har også søkt att og fram i heile bassenget utanfor Vikøyri, ved kaianlegg og flytebrygger, seier Selland.

Vil ha kontakt med vitne

Det har i løpet av søndagen ikkje blitt gjort nokon funn som kan knytast til den sakna kvinna, og innsatsleiaren si oppmoding er klar.

– Dersom nokon har vore ute og køyrd bil eller gått i området frå om lag 01.30 til utpå morgonen laurdag, så ønskjer politiet kontakt.

Søket etter den sakna kvinna vil truleg ikkje bli teke opp att måndag morgon, all den stund ein ikkje har nokon spor å gå etter i forsvinningssaka.

– Vi har mellom anna vore i kontakt med alle som var på utestaden Dampen natt til laurdag. Dersom det er nokon som har vore innom utestaden, utan å ha snakka med oss, så må dei kontakta politiet, seier Selland.

Leitemannskap i Vik stenger no elva, slik at 13 dykkarar kan søke gjennom den i samband med leitinga etter kvinna som har vore sakna sidan laurdag føremiddag.

STENGER ELVA: Spesialtrena dykkarar skal søke gjennom elva Vikja.

Tappa ned elva i leitinga

Elva Vikja blei tidlegare søndag tappa heilt ned, slik at erfarne redningsdykkarar kunne saumfare dei ulike stryka og hølene i vassdraget. I alt 13 dykkarar deltok i leitinga i elva.

Over 96 personar var med i leiteaksjonen, politi, Vik Røde Kors Hjelpekorps, frivillige bygdefolk og fangar frå Vik fengsel. Seks båtar var med og finkjemma strendene ut til Limmesand i retning Arnafjorden og ut mot Vangsnes.

– Familien til den sakna har det sjølvsagt tungt. Å leve i uvissa på denne måten er heilt forferdeleg, seier lensmann Ove Andersen.

Familien får no hjelp av kriseteamet i Vik

– Det er kommunelegen og psykiatrisk sjukepleiar som tek hand om dei, seier Andersen.

Har avhøyrt ni personar

Politiet har i alt avhøyrt ni personar i samband med forsvinningssaka, og vil avhøyre fleire dersom det blir naudsynt.

– Vi prøver å få ein oversikt over alle som var ute i Vik natt til laurdag, seier lensmannen til NRK.

Dei vil no bruke den informasjonen som kjem fram i avhøyra til å danne seg eit bilete over kva som kan ha skjedd på Vikøyri då kvinna forsvann.